Hopp til innhold

Vegvesenet: – Dette er spesielt no i mai

På riksveg 7 over Hardangervidda stod fleire bilar bom fast i snøen i dag tidleg. Meteorologisk institutt har no sendt ut OBS-varsel for Vestlandet og Trøndelag.

Hardangervidda mai 2015

VIDDA I MAI: Slik såg det ut på Hardangervidda i dag tidleg. Bilistar bør ikkje køyre over her på sommardekk no, seier vegvesenet.

Foto: Jarle Vikane

Bilistar som skulle over Hardangervidda i dag tidleg blei møtt av snøfokk og vind. Enkelte stader har snøen samla seg i opptil 10–15 cm.

– Ein del bilar køyrde seg rett og slett fast i snøen. Det er spesielt no i mai. Me skulle jo ønske at vinteren skulle sleppe taket snart, men det ser ikkje ut til at det vil skje dei neste dagane, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Heidi Hauge Rasmussen.

Det har vore kolonnekøyring på riksveg 7 over Hardangervidda i dag, men klokka tre opplyser vegvesenet om at trafikken no går som normalt.

LES OGSÅ: Meteorologen: – Hold deg unna fjellet med sommerdekk

Vil bli verre ut over kvelden og i morgon

Sjølv om vegen no er rydda, vil vêrforholda over vidda ikkje bli betre utover dagen.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel i dag, der dei melder om kraftig vind på Vestlandet.

Natt til måndag er det venta at vinden kjem til å auke til sør og sørvest sterk kuling utsette stader, periodevis og luten og kan hende full storm. Det er venta nedbør som snø over ca. 800 meter. I kombinasjon med sterk vind gjev dette vanskelege køyreforhold i fjellet, skriv meteorologane i OBS-varselet.

– Med tiltakande vind, og nedbør kan det fort bli problem i fjellet. Slik varselet ser ut for dei neste dagane, anbefaler me ikkje at ein køyrer over vidda på sommardekk, seier Rasmussen.

På Hemsedalsfjellet og Filefjell er det no berre vegbaner.