Vegvesenet vil gje Vestlandet 70 prosent av vegpengane

Vestlandet kan vinne dragkampen om pengar til nye riksvegar dei neste åra. Likevel vil samferdslepolitikarane i landsdelen styre endå meir pengar vekk frå veg og jernbane på Austlandet.

Illustrasjon av ny bru over Bjørnafjorden på E39

GIGANTBRU: Vegen som skal knyte saman Bergen og Stavanger kan koste 38 milliardar kroner. Om lag halvparten av rekninga tar staten.

Foto: Illustrasjon / AMC

Når staten skal rulle ut nye vegmilliardar fram mot 2027 kan Vestlandet vere vinnaren.

I ein ny liste frå Statens vegvesen, kjem dei med innspel til korleis dei vil prioritere dei forskjellige riksvegprosjekta, viss staten held fram med løyvingsnivået dei har i dag.

Får Statens vegvesen det som dei vil, går heile 70 prosent av potten til nye riksvegar i Noreg til gigantprosjektet Hordfast mellom Bergen og Stavanger:

  • E39-prosjektet vil koste 19,3 milliardar statlege kroner, i tillegg kjem 17,4 milliardar i bompengar.
  • 6,5 milliardar kroner går til E6 Oslo øst
  • 1,4 milliardar kroner til kryssing av Glomma på riksveg 22
  • og 440 millionar kroner til Holmenbrua på riksveg 282.

Viss staten aukar løyvingane til riksvegane, vil dei også gje pengar til seks andre prosjekt på til saman 14 milliardar kroner. Då vil bruprosjektet Hordfast stå for like under 50 prosent av den totale vegpotten.

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen Kjell Inge Davik seier dei prioriterer E39 Hordfast så sterkt fordi vegen er svært samfunnsøkonomisk lønsam.

– Det er ikkje tvil om at å binde saman Bergen og Stavanger er utruleg verdiskapande, og skapar store bu- og arbeidsregionar, seier Davik.

Samferdslepolitikarar på Vestlandet vil ha endå meir

Prioriteringslista er Vegvesenet sitt innspel til nasjonal transportplan for 2022–2027 (NTP). Det er denne planen som legg føringar for kva samferdslepengane skal gå til – alt frå flyplassar, jernbane, hamnar og vegar.

Men sjølv om Vegvesenet vil gje størsteparten av vegpotten til Vestlandet, vil politikarane i landsdelen ha endå meir pengar.

Jenny Følling

SKUFFA: Jenny Følling, leiar i Stamvegutvalet for E39 og Sp-politikar, er oppgitt over forslaga frå Statens vegvesen.

Foto: ODDMUND HAUGEN / NRK

– Det er definitivt Vestlandet som får for lite. Ser ein på prioriteringane er det i hovudsak store firefelts vegar sentralt på Austlandet, som frå før både har tog og Intercity, seier Jenny Følling (Sp), leiar i Stamvegutvalet for E39.

Ho meiner at om ein ser samla på investeringar i veg og jernbane, OPS-prosjekt og vegar bygde av selskapet Nye Veier er Vestlandet taparen.

– Delar av E39 på Vestlandet har ikkje ein gong gul midtstripe, og i planen frå Vegvesenet finst det ingen tiltak mellom Bergen og Ålesund, seier ho.

For gigantprosjektet mellom Bergen og Stavanger dreg nesten alt av vegmidlar i landsdelen.

Følling får støtte frå fylkesvaraordførar i Rogaland, Arne Bergsvåg frå Senterpartiet, trass i utsiktene for ny veg mellom Bergen og Stavanger.

– Vi er veldig skuffa, seier Bergsvåg.

– Får Vestlandet for lite av vegpengane?

– Ja, når E134 og RV 13 som går gjennom Vestland og Rogaland er nedprioriterte er det ikkje godt nok, seier Bergsvåg.

Må bruke pengane der nytten er størst

Leiar i samferdslekomiteen i Viken, Bjørn Tore Ødegården (Ap) er ikkje samd i at Austlandet kan sende vegpengar vestover.

Bjørn Tore Ødegården

USAMD: Bjørn Tore Ødegården (Ap) vil satse meir på vegane med størst samfunnsnytte.

Foto: Pressefoto

– Det viktigaste er å bruke pengane der dei gir størst samfunnsnytte, seier Ødegården.

Han seier Viken og Stor-Oslo har store problem med kapasiteten på jernbane og veg.

– Det er ein kunstig debatt om pengane skal brukast i aust eller vest. Poenget med å prioritere i Nasjonal Transportplan må vere å legge inn pengane der dei gir best effekt for samfunnet som heilskap, meiner Ødegården.

Nasjonal transportplan skal vedtakast i 2021.

Uthuskrysset og utbygging ny E6

NY VEG: E6 Kolomoen-Moelv i Innlandet fylke er eit av fleire store motorvegprosjekt på Austlandet dei siste åra.

Foto: Nye Veier