Samanlikna dagens ferjer med framtidas nullutsleppsbilar i klimareknestykke

Vegvesenet hevdar det er klimavenleg å bygga gigantisk bru på E39 sør for Bergen. Men samferdsleministeren ber dei rekna på nytt og ta høgde for ny ferjeteknologi.

Hordfast-bru over Bjørnafjorden (illustrasjon)

OMSTRIDD: Høge kostnader og store naturinngrep gjer at gigantbrua over Bjørnafjorden sør for Bergen og Os er svært omstridd. Hordfast-prosjektet skal knytte Sunnhordland og Haugalandet tettare saman med Bergen og Stavanger.

Foto: Statens Vegvesen

– Me skal jo gjera store investeringar på infrastrukturen. Teknologien vil gi oss mange moglegheiter. Då er det viktig for oss at avgjerdsgrunnlaget er best mogleg, seier samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) til NRK.

Han har bede Statens vegvesen forklara kvifor dei meiner vegprosjektet Hordfast vil gi kraftige kutt i klimagassutsleppa. Vegvesenet har nemleg ikkje tatt med i reknestykket at ferjer forureinar stadig mindre.

– Då har me bede om eit oppdatert bilete av korleis det vil sjå ut med meir klimavenlege ferjer som er på veg.

Bru erstattar gassferjer

Hordfast står øvst på lista i Vegvesenet sitt forslag til prioritering av vegprosjekt i Nasjonal Transportplan (NTP) for dei neste tolv åra.

Prosjektet er ein planlagd motorveg på ei rekordlang bru over Bjørnafjorden mellom Os og Stord/Tysnes som er tenkt å knytte Bergen, Sunnhordland, Haugalandet og Stavanger tettare saman.

Svært høge kostnadar og store naturinngrep gjer utbygginga omstridd, men ifølge Statens vegvesen er prosjektet svært samfunnsøkonomisk lønsamt.

Mellom anna seier Vegvesenet at Hordfast vil gi ein stor positiv klimaeffekt. Rett nok vil både bygginga og den forventa trafikkveksten gi store utslepp. Men dagens ferjer på sambandet Halhjem-Sandvikvåg, som går på LNG-gass og gir store CO₂-utslepp, vil då forsvinna.

I sum fjernar Hordfast over 4 milliardar tonn CO₂ i løpet av 40 år, ifølge Vegvesenet.

På den andre sida er det mange ferjestrekningar som no får elektrisk framdriftsteknologi.

I Vestland fylke har aller fleste fylkesvegferjene i gamle Hordaland fylke no låge eller ingen utslepp.

Knut Arild Hareide på ferja ut til Aukra

VIL HA NY UTREKNING: Samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) er ikkje nøgd med Vegvesenets klimarekneskap for Hordfast.

Foto: Ann-Eli Nøsen / NRK

Vil ikkje oppdatere klimarekneskap

I april bad Samferdsledepartementet derfor om ei grunngjeving på kvifor Vegvesenet føreset gassferjer dei neste førti åra, når utviklinga av rein ferjeteknologi går så raskt.

Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland vil likevel ikkje laga ein oppdatert klimarekneskap for Hordfast.

– Me har ikkje no levert nye utsleppsscenario til departementet, seier ho til NRK.

I eit svarbrev til departementet skriv Vegvesenet at det i dag ikkje finst låg- eller nullutsleppsteknologi som kan erstatta gassferjene på sambandet som Hordfast er meint å erstatta.

– Den strekninga er ganske lang. Det er behov for fart, og elektrifisering er ikkje så fordelaktig der, seier Hovland.

Ferge ved Halhjem

GIR STORE UTSLEPP: Dagens ferjer på sambandet Halhjem - Sandvikvåg går på LNG-gass og gir store CO₂-utslepp.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Batteriprodusent: – Fullt mogleg

– Vegvesenet har ikkje spurt oss. Det er ingen problem å få heilelektrisk ferje på Halhjem-Sandvikvåg.

Det seier administrerande direktør Geir Bjørkeli i bedrifta Corvus i Bergen, som er verdsleiande på å produsera batteri til skip

– Dette skulle me fått til. Det blir stor installasjon, men ingen tekniske utfordringar. Me kunne skreve kontrakt på det i morgon, seier Bjørkeli.

Han viser til at ein då kan spara store mengder LNG, at elektrisitet er betydeleg billigare, og at det er mykje mindre vedlikehaldsutgifter med el-drivne ferjer.

Bjørnafjorden

Større og dyrare

Og ifølge Bjørkeli er verken fart eller rutefrekvens til hinder for el-ferjer over Bjørnafjorden.

– El-ferjer kan gå der akkurat som dagens rutetabell. Like mange avgangar, og same fart, 17-18 knop. Ingen problem.

– Men det vil krevja ganske kraftig ladekapasitet?

– Ja, det trengst mange gonger større batteri enn til dømes el-ferja «Ampere» som kryssar Sognefjorden. Men det er ikkje noko teknisk problem. Det er heilt innanfor det som er teknisk og økonomisk mogleg, seier Bjørkeli, som samstundes fortel at Corvus jobbar med å levera batteri til mykje større el-ferjer til prosjekt i utlandet.

– Heilskap

NRK har bede Hareide kommentera at Vegvesenet framleis ikkje vil ta utgangspunkt i låg- eller nullutsleppsferjer når dei reknar ut klimaeffekten av Hordfast.

Svaret er at Samferdsledepartementet vurderer behovet for ytterlegare oppfølging overfor Vegvesenet.

– Når me skal gjera så store investeringar, er det viktig å tenka kva får me mest igjen for i eit langt framtidsperspektiv, seier Hareide til NRK.

– Korleis vil du vurdera klimaeffekt av ein slik motorveg, når utsleppa på både veg og sjø kan bli endra med ny teknologi?

– Det må me ta omsyn til i den heilskaplege vurderinga. Bilane på vegen blir meir og meir miljøvenlege. Vegsatsinga framstår dermed i eit anna klimaperspektiv enn for berre få år sidan. Det er mitt ansvar at me må sjå dette i samanheng.