Hopp til innhold

Vegvesenet kuttar ut sykkelbyane: – Mildt sagt oppsiktsvekkande

FØRDE (NRK): Statens vegvesen vil ikkje lenger bidra med pengar til sykkelbyane. – Bryt med god forvaltingsskikk, svarer Vestland fylkeskommune.

Sykkelvei i Bergen

NEI TIL SYKKELSTØTTE: Vestland fylke vedtok denne veka ei uttale der dei kritiserte Statens vegvesen for å bryte med god forvaltingsskikk.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Dette er mildt sagt oppsiktsvekkande, seier Arve Helle (Ap), medlem i Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland.

– Eg støttar den relativt sterke ordbruken. Dette er svært spesielt, seier Trude Brosvik (KrF).

Onsdag var dei med då eit samrøystes Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylke vedtok ei uttale der dei kritiserte Statens vegvesen for å bryte med god forvaltingsskikk.

«Det er uventa og urovekkande at Statens vegvesen først no melder at dei ikkje vil følgje opp økonomiske forpliktingar som ligg i eksisterande avtaler», heiter det.

Bakgrunnen er at Vegvesenet trekker seg frå sykkelbyavtalen og ikkje lenger vil bidra med økonomisk tilskot, med tilbakeverkande kraft frå 1. januar 2020.

Det er i perioden 2014–2022 inngått 41 sykkelbyavtaler i landet. Det er 23 avtalar som no er aktive.

Trude Brosvik

KRITISK: Trude Brosvik (KrF) er oppgitt over at Statens vegvesen ikkje vil støtte sykkelbyane lenger.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Ikkje lenger midlar i budsjetta

Tone Margrethe Oppedal er avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

– Vi har ikkje lenger midlar tilgjengeleg i budsjetta våre til å bidra økonomisk til sykkelbyane. Vi vil framleis bidra med kompetanse, men ikkje økonomisk, seier ho.

Ho forklarar at endringa kom i samband med regionreforma der fylka tek tilbake ansvaret for vegane sine – frå Vegvesenet.

– Forstår du reaksjonane?

– Ja, det forstår eg. Ein har kanskje ikkje vore tydeleg nok på at det var ein risiko for at omorganiseringa kunne føre til at Vegvesenet ikkje lenger kunne bidra økonomisk til sykkelbyane, seier ho.

– Ikkje vegen å gå

Elisabeth Solheim, er folkehelsekoordinator i Kinn kommune, som no mister eit årleg tilskot på 180.000 kroner frå Vegvesenet.

– Nok eit eksempel på at satsingsområda til myndigheitene ikkje er godt nok koordinerte, seier ho.

Ho legg til:

– Det er òg eit viktig miljøaspekt ved dette, vi ynskjer å få redusert biltrafikken og då er ikkje dette vegen å gå.

Vegvesenet skriv på sine nettsider at dei skal vere «ein pådrivar for økt sykling overfor blant anna kommunar og fylkeskommunar.»

Eit paradoks, meiner Doris Rutledal, som er folkehelsekoordinator og prosjektleiar for Sykkelbyen Førde.

– Sykkelbyavtalane er – og har vore – ein viktig del av det nasjonale arbeidet for å få auke i andelen syklande og gåande i tettbygde område, seier ho.

Folkehelse-koordinator Doris Rutledal

BURDE VORE MED: Doris Rutledal er Folkehelsekoordinator og prosjektleiar for Sykkelbyen Førde. Ho meiner Statens vegvesen burde vere ein sjølvsagt bidragsytar i dette arbeidet.

Foto: Anders Tesdal Galtung / NRK

Ho legg til at Vegvesenet «burde vere ein sjølvsagt bidragsytar i dette arbeidet».

I Nasjonal transportplan (NTP) er det et mål at sykkelandelen i Noreg skal auke til 8 prosent innan 2023. I de største byområda skal sykkelandelen vere på 20 prosent. I tillegg er målet at åtte av ti barn og unge skal gå eller sykle til skolen.

I Sunnfjord er sjukepleiarstudent Mathilde Helena Forsell på veg til Førde sjukehus.

– Sykkelvegane er litt sånn humpetitten her, seier ho.

Om kommunen ynskjer å oppmuntre til meir sykling, må dei fyrst sørgje for at vegane er gode nok, meiner ho.

– Det er mange hol i sykkelfeltet.

Samferdsledepartementet har ikkje svart på spørsmåla til NRK.

ff

PROVOSERT: Sjukepleiestudent Mathilde Helena Forsell likar ikkje at Statens vegvesen har kutta støtta til sykkelbyen i Førde.

Foto: Bård Siem / NRk