Hopp til innhold

Vegsjef hardt ut mot bergensvegane: – Vi er attende på 70- og 80-talet

Statens vegvesen meiner Bergen sentrum har dei dårlegaste vegane av storbyane, og vil bygge nytt. Det er ikkje byrådet med på.

Danmarksplass i Bergen

TRAFIKKMASKIN: Tett trafikk på E39 over Danmarksplass. Frå sør er det tre køyrefelt i kvar retning fram mot lyskrysset, deretter fire felt i kvar retning.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kjell Inge Davik ser ut over Danmarksplass, det sterkt trafikkerte krysset rett sør for Bergen sentrum. Bilar og vogntog stampar i båe retningar i dei åtte køyrefelta.

Dette er E39, den sterkt trafikkerte kyststamvegen mellom Trondheim og Kristiansand, som går midt gjennom bykjernen i Bergen.

– Vi er attende på 70- og 80-talet. Då var dette vanleg i andre norske byar.

Davik er utbyggingsdirektør i Statens vegvesen. Det er han som har ansvar for å planlegge nye vegprosjekt. No vil han gjere noko med bergensvegane.

Kjell Inge Davik, utbyggingsdirektør i Statens Vegvesen

Kjell Inge Davik, utbyggingsdirektør i SVV.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Dette er særs lite berekraftig. Det er dårleg for samfunnstryggleik og beredskap.

Davik seier dei vil prioritere prosjekt i Bergen høgt. Men han er avhengig av draghjelp frå politikarane i byen.

Det er det ikkje sikkert han får.

Ringvegar utanom bykjernen

I Stavanger opna for kort tid sidan nye tunnelar som leiar trafikken raskt forbi byen.

Oslo og Trondheim har for lengst eit ringvegsystem utan lyskryss og andre flaskehalsar. Det blir eit meir robust vegnett som ikkje er så sårbart for ulukker.

På Danmarksplass er det fire felt frå nord og fire felt frå sør som stoppar i eit lyskryss, slik at kryssande trafikk skal sleppe fram.

Trafikk gjennom Bergen (2019-tall)

Vegnettet i Bergen har mykje trafikk. Tala viser dagleg snitt ut frå årstotal (såkalla ÅDT) på vegar gjennom Bergen i 2019.

Foto: Statens Vegvesen

Resultatet er stadige korkar. Vegsystemet er og sårbart. I 2019 førte eit vassleidningsbrot til det totale kaos nord for sentrum.

Statens vegvesen meiner det viktigaste prosjektet i Bergen er å få på plass den såkalla ringveg aust. Det betyr tunnel mellom Fjøsanger og Arna, som kan leie trafikken på E39 heilt utanom bykjernen.

Eiganestunnelen på E-39 på Tasta i Stavanger

Eiganestunnelen opna i 2020, og leiar trafikk under Stavanger sentrum.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Vil prioritere kollektiv

Byrådet i Bergen har lenge vore skeptiske til ringveg aust. Dei meiner prosjektet vil føre til meir biltrafikk i byen.

Byutviklingsbyråd Ingrid Nergaard Fjeldstad (V) seier ikkje ja takk til ønsket om å prioritere vegbygging i Bergen.

– Det er mange spørsmål om korleis vi får regulert trafikken godt nok. Klimakrisa må vi ta omsyn til. Og vi har forplikta oss til eit null-vekst-mål, at biltrafikken ikkje skal auke.

Ingrid Nergaard Fjeldstad (V), byråd for byutvikling i Bergen

Ingrid Nergaard Fjeldstad, byutviklingsbyråd i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Er du samd i at Bergen har dårlegast vegar av dei store byane?

– Det er vanskeleg for meg å uttale meg om. Eg er samd i at vi ikkje har eit godt nok utbygd kollektivsystem. Det prioriterer vi å skaffe finansiering til.

Fjeldstad påpeiker at ei utbygging av Fløyfjellstunnelen i samband med utbygging av bybana til Åsane vil kunne løyse noko av trafikkproblema i Bergen sentrum.

Men fredag blei det klart at Vegvesenet heller ikkje vil prioritere Bybanen til Åsane.

Byrådet er og for ny veg frå Åsane til Nordhordlandsbrua.

Bybanen i Bergen

Byrådet vil prioritere utbygging av Bybanen og anna kollektivtrafikk.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Forstemmande

Det største opposisjonspartiet reagerer på at ikkje byrådet stiller seg bak Vegvesenet sine prioriteringar.

– Det er faktisk forstemmande. Det er ein uheldig trend at vi ikkje blir samde her i Bergen. Resultatet er at vi kjem bak i køen.

Det meiner Marit Warncke, ordførarkandidat for Høgre.

Ho meiner det er openbert at Bergen treng nye vegløysingar.

– Men og Høgre er forplikta av nullvekst avtalen. Altså at biltrafikken ikkje skal opp. Vil ikkje nye vegar føre til meir trafikk?

Det må blir gjort noko med kollektivtrafikken og. Men trafikkproblema i det sentrale Bergen må vi faktisk bygge oss ut av. Det kjem vi ikkje utanom.

– Nye vegar betyr ein grønare by

Kø i Åsane etter at E39 ble stengt på grunn av vannlekkasje i Sandviken i Bergen

Det vart kaos over store delar av Bergen etter eit vassleidningsbrot i 2019.

Foto: Sindre Skrede / NRK

Kjell Inge Davik i Vegvesenet meiner Noregs nest største by treng eit forbetra vegsystem. Og ut frå eit klimaperspektiv.

– Eit prosjekt som ringveg aust vil skape heilt nye mogelegheiter for ein grøn by. Det vil alltid vere slik at det er behov for trafikk inn mot sentrum, men mesteparten kan bli leia utanom.

Han meiner at nye vegprosjekt ikkje vil stå i vegen for ei kollektivsatsing.

– Det skjer så mykje spanande i Bergen, det er store mogelegheiter for vidare utvikling. Bybanen skal til Åsane. Og så gjeld det å løfte trafikken som skal gjennom byen ut av sentrum og vekk frå Danmarksplass.

Tidlegare denne veka kom Statens vegvesen med nye prioriteringar for kva vegprosjekt dei meiner bør satsast på.

Les også: Disse veistrekningene vil vegvesenet nedprioritere

Ras på E16 ved Bolstad i juni 2016
Ras på E16 ved Bolstad i juni 2016