Etter planen skulle eggprodusent Arve Aasen i Ommedalen få levert ny besetning med høner førstkomande torsdag. Men etter at vegen mellom Aa og Ommedal i Hyen blei stengd etter at fleire hundre kubikkmeter med stein rasa ut, veit ikkje Aasen korleis han skal få dei 7500 hønene forbi Laksehammaren.
Økonomisk tap
For Aasen kan leveringsproblema føre til eit stort økonomisk tap. Difor krev han no ei provisorisk vegløysing straks.
Reservebru
Distriktssjef i Statens vegvesen, Oddvin Ylvisaker, seier dei kan ha ei reservebru på plass om få dagar om alt ligg til rette for det. I ettermiddag vil ein geolog vurdere forholda.