Hopp til innhold

Vegfest på Raudeberg

Det var stor steming då den utbetra og rassikra vegen mellom Måløy og Raudeberg vart opna i dag.

Vegopning på Raudeberg
Foto: Bjarne Eldevik

Fleire hundre barnehageungar, skuleelevar og andre hadde møtt fram for å feire at vegen er ferdig.

Glad Henjum

Liv Henjum, leiar av hovudutvalet for samferdsle i fylkeskommunen, føretok den offisielle opninga.

Ho bur sjølv på Raudeberg og jobbar i Måløy, og er svært glad for å få opna vegen.

- Det er eit kvantespang både for innbyggjarane og næringslivet i kommunen. Det har vore ein smal veg med mykje trafikk,og vi har vore redde for ras og steinsprang mange gongar.

Etter at at Raudeberg skulemusikk hadde spelt nasjonalsongen, gjekk alle saman gjennom den heilt nye tunnelen.

Har brukt to år

Arbeidet med å utbetre og rassikre den 3,7 km lange strekninga mellom Gottebergshammeren i Måløy og Kapellneset på Raudeberg har teke to år. Prosjektet har kosta 113 mill. kroner.

Prosjektet omfattar den 680 meter lange Skåratunnelen, 2.670 meter gang- og sykkelveg og 400 meter fortau, i tillegg til utbetring av vegen.

Sjå: TV-reportasje frå vegopninga

Sjå bileta frå vegfesten

Høyr frå vegopning på Raudeberg

Vegopning på Raudeberg

Vegopning Raudeberg

Foto: Bjarne Eldevik