Hopp til innhold

Vegen var nyleg rassikra – Ingeborg og Tiril (2 md.) blei nær trefte av kampesteinar

DEILDO (NRK): Fem enorme steinar ramla ned rett ved Ingeborg Børve og hennar to månadar gamle dotter. – Her må me gjera noko, vedgår Statens vegvesen.

Ingeborg og babyen kom unna ras

NÆR: Ingeborg Børve og to månadar gamle Tiril kom køyrande då kampsteinar rulla ned mot vegen. Steinane stoppa like ved bilen.

Foto: Tale Hauso / nrk

– Eg såg for meg det verste. Det einaste eg tenkte på var å beskytta Tiril, seier Ingeborg Børve.

Ho og to månadar gamle Tiril køyrde på den rasutsette vegen rv. 13 søndag kveld, frå Lofthus i retning Odda. Bilen deira var nær å bli treft av eit steinsprang i Deildo i Ullensvang.

– Først forstod eg ikkje kva som skjedde, men i sidesynet såg eg steinar som kom nedover. Eg hadde ikkje tid til å gjera noko, men heldigvis stoppa steinane opp rett ved sida av bilen, seier Børve.

No meiner ho Statens vegvesen må gjera meir for å sikra vegen.

PENDLARVEG: Riksvegen er ein viktig pendlarveg i Hardanger. Raset gjekk i Deildo i Ullensvang.

Sikra for 430 millionar

Vegen ved Deildo er blitt rassikra. Arbeida har pågått i årevis. Børve trudde at vegen var trygg i uvêret i helga.

– Og så viste det seg at det var her det var farleg, seier Børve oppgitt.

Ingeborg Børve og dottera kom unna ras ved Deildo

SKJELVEN: – Eg var heilt i sjokk, og som nybakt mor betyr tryggleiken til ungen alt, seier Børve.

Foto: Tale Hauso / nrk

Den viktige pendlarvegen i Hardanger opna i fjor etter rassikringsarbeidet.

rassikringsprosjektet tok til i 2016, var planen å bruka 315 millionar kroner. Etter kvart kom det fram at behovet for betong var elleve gongar større enn dei først rekna med.

Sikringa enda med å kosta 430 millionar kroner.

– Ser ikkje bra ut

No vedgår Vegvesenet at det bør gjerast meir i området der raset gjekk.

– Det ser jo ikkje bra ut. Me må få gjort noko, vedgår byggeleiar for rassikringsprosjektet, Terje Nesse.

Byggeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen

RASSIKRAR: Terje Nesse er byggeleiar for rassikringsprosjektet i Deildo på riksveg 13 i Ullensvang.

Foto: Tale Hauso / nrk

Han meiner at rassikringsprosjektet i stor grad har vore vellykka, sett vekk ifrå området der Børve kom køyrande.

– Me har ikkje registrert noko nedfall utover det som er her. Det ser ut til å fungera veldig bra på resten av strekninga, seier han.

Men her skal det jo vera heilt sikra?

– Me får det aldri 100 prosent sikra, men det skal ikkje sjå ut slik som det gjer her.

Han fortel at dei skal få hjelp av geolog til å vurdera fleire rassikringstiltak.

Vegvesenet ser på ras Ved Deildo

SYNFARING: Byggeleiar Terje Nesse i Statens vegvesen var overraska då han var på synfaring og såg dei store steinane.

Foto: Tale Hauso / nrk

Ingeborg Børve er overraska over at dette kunne skje etter at så mykje pengar blei brukt for å sikra vegen.

– Eg hadde veldig høg puls og var heilt forskrekka etterpå. Det er ein av dei plassane eg sist hadde trudd det ville skje noko, seier ho.