Vegen toler ikkje bilar – men gravemaskin er ok

FØRDE (NRK): Røde Kors måtte fly 300 meter fordi vegen er verna. No står tre gravemaskiner og grev langs den same vegen eit par kilometer unna.

dd

KRITISK: Are Bendz og Marte Kirkebø meiner det blir veldig feil at transport av funksjonshemma ikkje er lov fordi postvegen kan bli skada medan det er lov å køyre tunge gravemaskiner på den same vegen.

Foto: Bård Siem / NRK

I Halbrendslia utanfor Førde sentrum er tre gravemaskiner i sving med å legge fiberkabel langs den Trondhjemske postveg. Vegen vart starta på 1700-talet og deler av han er freda etter kulturminnelova.

– Uforståeleg, seier Are Bendz og Marte Kirkebø.

Dei to er på tur i området, og hadde ikkje rekna med å støyte på maskiner.

Vegen er strengt regulert, og tidlegare i år vekte det oppsikt då Røde Kors måtte leige helikopter til 40.000 kroner i staden for å køyre 300 meter langs den same vegen.

– At det skal vere lov å køyre gravemaskin på vegen medan Røde Kors blir nekta, er utruleg, seier Bendz.

Gravemaskina som står på vegen veg litt over åtte tonn.

– Mykje regn og veldig vått

– Ein bør vurdere kor lurt det er å køyre med tunge gravemaskinar på Postvegen no når det er mykje regn og veldig vått, seier Gaute Losnegård.

Han er historikar og faglitterær forfattar, og har det siste året vandra heile postvegen på oppdrag frå Dag og Tid.

Han føreset at arbeidet med fiberkabelen ikkje lèt etter seg varige skader, men undrar seg over tidspunktet for arbeidet.

Gaute Losnegård er historikar og faglitterær forfattar, og har det siste året vandra heile Postvegen på oppdrag frå Dag og Tid.

RAR TIMING: Gaute Losnegård føreset at arbeidet med fiberkabelen ikkje lèt etter seg varige skader, men undrar seg over tidspunktet for arbeidet.

Foto: Marianne Furevikstrand

Då Førde Røde Kors i sommar bad om å få frakte material inn til hytta i samband med oppussing, var svaret nei.

Vegen kunne bli skada, heit det i forklaringa til Statens vegvesen.

– Den saka («helikopter-saka», jou.anm.) kan ikkje samanliknast med denne, skriv seksjonsleiar i Statens vegvesen, Torun Emma Torheim i ein e-post til NRK.

Ho viser til at «fiber-saka» har vore gjennom «fleire rundar» før Statens vegvesen, fylkeskommunen, kommunen og tiltakshavar kom fram til ei løysing alle var forlikte med.

Eitt av krava er at kabelen skal ligge «minst to meter utanfor grøfta».

Graving på den Trondhjemske postveg Langeland

KRYSSAR VEGEN: Eit entreprenørfirma er i full gang med å legge fiberkabel langs den Trondhjemske postveg i Halbrendslia i Sunnfjord. Til sjølve kryssinga av vegen blir det brukt spade, fortel Marian Grzegorz.

Foto: Bård Siem / NRK

Kryssingane skal gravast for hand

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Tone Margrethe Oppedal, forstår at framgangsmåten deira kan verke tungvinn, men legg til at regelverket må følgjast.

– Vegen er ei gamal ferdselsåre av nasjonal verdi, og vi må gjere ei vurdering i kvart enkelt tilfelle, noko som er gjort her, seier ho.

Roger Saugestad er nettsjef i Enivest, som legg kabelen.

– Postvegen skal kryssast på tre plassar, og desse kryssingane skal gravast for hand, forklarar han.

Provosert Røde Kors-leiar

Leiar i Førde Røde Kors, Norvall Nøringset, er provosert. I meir enn 30 år har dei brukt den gamle postvegen til å frakte menneske med funksjonsnedsettingar inn til lagshytta på Langeland.

Men i sommar vart det full stopp.

– Eg forstår ikkje kva Statens vegvesen driv på med når dei nektar oss å køyre funksjonshemma medan store gravemaskiner får køyre på vegen, seier han.

Norvall Nøringset er leiar i Førde Røde Kors.

KREV ORSAKING: Leiar i Førde Røde Kors, Norvall Nøringset, krev at dei får bruke vegen til å frakte funksjonshemma inn til lagshytta.

Foto: Bård Siem / NRK

Oppedal i Vegvesenet fortel no til NRK at ho likevel vil sjå på om menneske med funksjonsnedsettingar kan bli frakta med bil inn til hytta.

– Vi vil sjå på om vi kan kome fram til ei løysing, seier ho.