Uvanleg vinter for Veitastrond: – Første gong vi ikkje har vore innesperra

2020 kan verte historisk for dei litt over 100 innbyggjarane i sognebygda. Ifølge dei er det første gong den einaste vegen inn og ut av bygda har vore open heile vinteren.

Veitastrondsvegen etter skredet i 2008
Veitastrondsvegen 2020

FØR OG NO: Det er stor skilnad på Veitastrondsvegen etter skredet i 2008 og slik det ser ut i mars 2020. Det viser desse bileta som fotografen har teke på omtrent same staden.

John Molland/NRK

Veitastrond er kanskje mest kjend for å vere ein av bygdene i Noreg som oftast har vore isolert av snøskred.

Men i vinter har vêrgudane villa det annleis. Vegvesenet bekreftar at vegen inn til bygda i Luster ikkje har vore stengd ein einaste gong i vinter.

– Så langt har det vore fine forhold. Det er ikkje berre det at vegen ikkje har vore stengd, men det har og vore berr vegbane nesten heile tida, seier Asbjørn Nes i Veitastrond bygdelag.

Veitastrond i Luster.

SVART ASFALT: Å køyre på berr veg til Veitastrond om vinteren er uvanleg.

Foto: John Molland / NRK

Isolerte i vekevis

Den vesle bygda med eit hundretals innbyggjarar ligg inst i eit trongt dalføre oppunder Jostedalsbreen.

Den tre mil, smale og svingete vegen inn til bygda har historisk vore ein av dei mest rasutsette i heile Noreg. Vegen opna i 1956. Før den tid måtte dei på førehand frakte inn alle varer dei trengde til vinteren med båt.

Ifølgje dei lokalkjende kan dei ikkje hugse at det har vore ein vinter utan meldingar om stengd veg, anten det gjeld snøskred, rasfare eller steinsprang.

På 80-talet hugsar Torodd Kvam at vegen var stengd over 100 gonger i løpet av ein vinter på grunn av kjempesvære snøskred som dundra ned fjellsidene, og over den smale vegen

– Vi høyrer jo om mange vegstengingar på radioen, men når vi ikkje lenger høyrer på NRK at vegen til Veitastrond er stengd, så synest eg det er fantastisk flott, seier han.

På det verste kunne bygda vere isolert i mange veker om vinteren når vatnet fraus og snøskreda sperra vegen langs vatnet.

Og oppryddingsarbeidet kunne ta dagar då det omsider var trygt nok til å kunne ferdast i området.

Ras i Veitastrond

NÆR VED: I slutten av desember i 2012 herja snøskreda i bygda. Bøndene frykta då at dei måtte tømme ut 10.000 liter mjølk fordi vegen var stengd i fleire dagar.

Foto: John Molland

Kjøpte luftputebåt

For å gjere tilværet lettare og ikkje minst tryggare å ferdast langs den rasutsette vegen, kjøpte bygdefolket i 2000 ein luftputebåt. Den vart sett inn i passasjer- og varetransport over det islagde vatnet når snøskreda truga vegen.

Etter kvart er det brukte over 200 millionar på å sikre fylkesvegen med fleire tunnelar, slik at dei mest utsette partia i dag er sikra.

Og i kombinasjon med ein heller snøfattig vinter i låglandet, har dette ført til at det går mot ein historisk rekord.

– Dette er uvanleg. Vi har som regel figurert i media når det er snøvêr og rasfare. Men i år har de ikkje høyrt frå oss, så då står det ganske bra til, humrar Asbjørn Nes.

Asbjørn Nes på Veitastrond.

LITE SNØ: Sjølv om det er rundt meteren med snø på Veitastrond i dag, så er normalen ofte det doble. Asbjørn Nes utelukkar ikkje feiring til våren om den gode statistikken held seg.

Foto: John Molland / NRK

– Kanskje vert det feiring

Ifølgje Nes har dei nye tunnelane ikkje berre gitt bygdefolket tryggare veg. Fire nye hus er under oppføring, det er 16 born i barnehagen og optimismen er stor.

– Dei har vore utruleg viktige den utviklinga vi ser i bygda i dag. Unge folk har flytta tilbake, fortel han.

– Korleis skal de feire første vinter utan vegstenging?

– Det har vi ikkje tenkt på, men det kan hende vi finne på eitkvart. Det skal du ikkje sjå bort frå, ler Nes.