Hopp til innhold

Vegen opnar ikkje før i ettermiddag

Fylkesvegen mellom Raudeberg og Kråkenes på Vågsøy vert ikkje opna før i ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Ein geolog skal sjå på rasstaden, og entreprenøren treng samstundes større maskiner for å klare å rydde raset.