Hopp til innhold

Vegdirektoratet fryktar godkjenning av Fjord1-sal

Konkurransetilsynet må ikkje godkjenne salet av Fjord1-aksjar til Torghatten. Det er den klare anbefalinga frå Statens vegvesen.

MF Selje på veg over Sognefjorden

SELD: Sogn og Fjordane fylkeskommune har seld sine Fjord1-aksjar til Torghatten, men ikkje alle er like positive til salet. No skal Konkurransetilsynet seie sitt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Statens vegvesen og Vegdirektoratet gjeve tydeleg signal, både skriftleg og i møte, om kor dei står i saka.

I november i fjor vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane, som er majoritetseigar av Fjord1, å selje sine aksjar til Torghatten. Men om salet faktisk blir noko av ligg i Konkurransetilsynet sine hender.

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen

FRYKTAR DÅRLEGARE TILBOD: Vegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner Konkurransetilsynet må stogge salet av Fjord1.

Foto: Signe Karin Hotvedt/NRK

Vegdirektør Terje Moe Gustavsen meiner ei godkjenning av salet vil bety dårlegare og dyrare ferjetilbod, og at det er staten, fylkeskommunane og dei reisande som må ta konsekvensen.

Fryktar dominans

I dag er det fire aktørar i ferjemarknaden; Torghatten, Norled, Fjord1, og den mindre aktøren Boreal Transport. Vegdirektoratet fryktar følgjene dersom det blir færre.

– Før vi begynte med konkurranseutsetjing av ferjedrifta, var det om lag tjue ulike ferjeselskap i marknaden. No er det fire konsern som dominerer. Vi ser også at det har vore få nyetableringar, samstundes som det har vore færre tilbydarar per konkurranse, seier seniorrådgjevar i Vegdirektoratet, Joachim Rønnevik.

– Vi meiner at ein så stor aktør som Torghatten-Fjord1 vil kunne bli, vil dominere dei fleste segmenta i ferjemarknaden, og ha ein stor ferjeflåte å spele på, seier han.

Vedtak i fylkestinget

16 MOT 15: Her vert Fjord1-aksjane seld, med knappast mogleg fleirtal i fylkestinget.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det kan få alvorlege konsekvensar for dei som skal kjøpe ferjetenester, som til dømes Statens vegvesen, den største innkjøparen.

– Det kan gjere det vanskelegare for mindre aktørar å ta marknadsdelar, og å få nye aktørar til å etablere seg i marknaden, seier Rønnevik.

Trur kvaliteten vil bli svekka

Vegdirektoratet fryktar også ei førespegling av pris når få aktørar møtast fleire gonger i anbodskonkurransar.

– Det kan resultere i at prisane kan vere høgare enn prisane du kan få i ein marknad med god konkurranse. At det blir dyrare å kjøpe inn vil få konsekvensar for tilbodet, for det er styrt etter kor mykje midlar ein har å bruke.

Med høgare prisar vil innkjøparane kunne bli pressa til å redusere ferjetilbodet, alternativt kan det bli aktuelt å auke prisane for dei reisande.

Men ei auke i pris eller reduksjon i tilbodet er noko som må handterast på politisk nivå, og difor vil ikkje Rønnevik spekulere i dette.

– Kor tungt føler de Konkurransetilsynet vektar synet dykkar?

– Statens vegvesen er den største innkjøparen på ferjemarknaden, og riksvegane utgjer halvparten av omsetnaden i ferjemarknaden. Vi føler at vi blir teke seriøst ut frå eit slikt perspektiv.

Ventar på svar frå Konkurransetilsynet

Fylkesordførar Jenny Følling har ikkje mykje å seie til åtvaringane frå vegvesenet.

Jenny Følling

VENTAR: Fylkesordførar Jenny Følling.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Saka ligg hos Konkurransetilsynet, og vi ventar på deira behandling, seier ho.

Heller ikkje administrerande direktør i Torghatten, Brynjar Forbergskog, vil kommentere saka så lenge den er under behandling.