Vegar i Vik opna igjen

Riksveg 13 ved Galden, mellom Vik og Vangsnes, er opna igjen etter at vegen vart stengd laurdag på grunn av rasfare. Også fylkesvegen mellom Vik og Arnafjorden er no opna igjen, melder Statens vegvesen.