Hopp til innhold

Vedtok rett til hovudmål i skulen

I dag vedtok Stortinget samrøystes at elevar i grunnskulen skal vere sikra retten til å få opplæring i hovudmålet sitt. – Dette er ein siger for nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, i ei pressemelding. Fram til no har det vore mange som ikkje har fått tilbod om nynorskundervisning i ungdomsskulen, ifølge Aasbrenn.