Vedtok asylmottak i Jølster

UDI opprettar 80 mottaksplassar på Vassenden. I Førde utvidar dei med 30 nye plassar.

Jølster Hotell
Foto: Ottar Starheim / NRK

Utlendingsdirektoratat vedtok onsdag å opprette eit mottak for 80 asylantar i Jølster.

Asylsøkjarane kjem til kommunen i byrjinga av mars 2010, og vil komme frå krigsherja land som Afghanistan, Somalia og Eritrea.

Fem mottak i fylket frå mars

- Vi reknar med at Jølster vil klare oppgåva som vertskommune godt. Vi er også glade for det gode tilbodet frå Norsk Folkehjelp som driftsoperatør, seier regiondirektør Atle Berge i UDI region vest.

Mottaket skal liggje på tidlegare Jølster Hotell på Vassenden. Det har også tidlegare vore diskutert planar om asylmottak same stad - men dei vart etter mykje usemje skrinlagde.

- Det beste er nok om det er semje rundt slike institusjonar. Men det er ofte usemje rundt slikt, og det forstår vi. Men det viser seg at det går bra - og vi har fire veldrivne mottak i Sogn og Fjordane, seier Berge.

Totalt 540 nye plassar

Regiondirektøren reknar med at dei fleste asylsøkjarane vil komme frå dei mest krigsherja landa i verda.

I tillegg til det nye mottaket i Jølster, vedtok UDI i dag å etablere eller opprette tilleggsplassar fleire andre stader i landet. Totalt opprettar Utlendingsdirektoratet 540 nye mottaksplassar.

I Førde vert talet på mottaksplassar aukast med 30. I Førde er Hero AS driftsoperatør.

- Eit mottak aukar talet på arbeidsplassar i kommunen og bidreg til å auke omsetnaden for det lokale næringslivet, skriv UDI på nettstaden sin.