– Eg tenkjer infrastruktur må vere klart før du set slike krav. Det er ikkje så hyggeleg for korkje sjåfør eller passasjer å måtte lade bilen på vinterstid mellom Førde og Bergen, seier taxisjåfør Siw Tove Vårdal.
Alle drosjer i Vestland fylke skal vere utsleppsfrie innan oktober 2025.
Det avgjorde hovudutval for samferdsle og mobilitet i fylkeskommunen denne månaden. Formelt vedtak skjer 29. september.
Taxinæringa meiner kravet «kan vere overkomeleg i storbyane», men lite realistisk i distrikta.
Også Oslo, Akershus og Østfold har dei siste åra jobba med å stille ulike typar miljøkrav til taxinæringa, og fleire fylke er i ferd med å vurdere det same. I Hordaland er det alt innført forskrift om nullutslepp for alle drosjer frå 1.4.2024. (sjå faktaboks).
Tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikk (OFV) viser at det per 12. september er 7905 personbilar registrert som drosjer. Av desse er 760 elbilar (9,61 prosent) og 5 hydrogenbilar.
Altså 765 nullutsleppsbilar til saman.
FØRDE: Taxisjåfør Siw Tove Vårdal meiner det er lite realistisk å køyre elektrisk drosje i distrikta.
Foto: Jo Arne Marvik / NRK– Det er ikkje hyggeleg
– På vinterstid vil vi i hovudet konstant vere på «reservetank», seier leiar i Noregs taxiforbund avdeling Sogn og Fjordane, John-Terje Hamre.
I ei høyringsuttale seier dei at miljøeffekten av det nye kravet vil vere marginal, og at det er altfor få hurtigladarar.
Særleg fryktar dei trøbbel for dei større bilane.
– Slike elbilar har ikkje lang nok rekkevidd, seier Hamre.
Geir Tøfte i TTS Sogn og Fjordane skreiv i høyringsuttalen sin:
«Talet på tilrettelagde bilar har alt minka til eit minimum på grunn av omleggingar i avgiftssystemet, og vil minke ytterlegare om dette framlegget til miljøkrav vert vedteke.»
– Dette vil gå bra. I distrikts-Noreg er det enklare med heimelading enn i by. Dermed kan sjåføren starte kvar dag med fullt batteri, seier Unni Berge i Elbilforeningen.
Ho legg til:
– Ein god ide vil vere om sjukehusa også får på plass hurtigladarar. Dette vil særleg gjere pasienttransport enklare.
– Dette er eit viktig og tydeleg vedtak som gir taxinæringa god tid til å omstille seg, som er nødvendig for å nå klimamålene i transportsektoren, seier Ingvild Kilen Rørholt, fagansvarleg for transport i Miljøstiftelsen Zero.
I 2017 hadde norske drosjer ein gjennomsnittleg køyrelengde på 56.875 km. Dette svarar til meir enn omkrinsen til kloden (som er på 40.750 km).
– For at vi skal klare å kutte klimagassane frå transportsektoren, må også drosjenæringa elektrifiserast, sa Christina Bu i Norsk elbilforening i 2018.
Same år sa direktør Heidi Sørensen i Klimaetaten i Oslo at «alle taxiar i Oslo skal vere nullutsleppsbilar innan fire år».
NAUDSYNT: – For at vi skal klare å kutte klimagassane frå transportsektoren, må også drosjenæringa elektrifiserast, meiner Norsk elbilforening.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK– Raserer drosjenæringa
Berre tre av representantane i hovudutvalet i Vestland røysta mot vedtaket. To av dei frå Framstegspartiet.
– Mykje av dagens drosjetilbod vil forsvinne, seier Frank Willy Djuvik, som er gruppeleiar for Frp på fylkestinget.
Han seier vedtaket kjem «trass i at verken teknologi, ladekapasitet, straumkapasitet, eller serviceapparat for elbilar er på plass».
I tillegg til Frp stemde Trym Aafløy, som tidlegare tilhøyrde Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) mot forslaget.
PREMATURT: Vestland Frp seier vedtaket kjem «trass i at verken teknologi, ladekapasitet, straumkapasitet, eller serviceapparat for elbilar er på plass».
Foto: Ole Andreas Bø / Ole Andreas BøDjuvik legg til at han er «ekstremt skuffa over Senterpartiet, som kallar seg eit distriktsparti».
– Likevel raserer dei drosjenæringa i distriktet, seier han.
Det avviser Jenny Følling (Sp).
– Dette er skremselspropaganda frå Frp, seier ho.
«Taxinæringa får stadig fleire alternativ å velje mellom», skriv bladet TAXI i ein artikkel frå 2020.
Følling meiner problema vil vere løyste innan oktober 2025.
– Vi skal hugse at det er fire år å omstille seg på. I 2025 blir det berre lov å selje utsleppsfrie bilar her til lands. Då er det like godt å førebu drosjenæringa allereie no.
Ho legg til at fylkeskommunen er pragmatiske.
– Vi veit meir om utfordringane når vi nærmar oss 2025, seier ho.
- Les også: