Dette er første jobben her i fylket i eit omfattande program for reparasjon og vedlikehald av alle dei norske stavkyrkjene, fortel prosjektleiar Ellen Devold hos Riksantikvaren.
Neste år skal Riksantikvaren utføre reparasjonsarbeid på sjølve kyrkja i Borgund og på Hopperstad stavkyrkje i Vik. Også dei to andre stavkyrkjene, Kaupanger og Urnes, får sitt vedlikehald og reparasjon etter kvart.
Denne veka stod miljøvernminister Børge Brende fram i media og lova 100 millionar kroner fordelt på 10 år til stavkyrkjeprogrammet. Dette har Stortinget lova før, Men Devold reknar no med at pengane er sikra.