Hopp til innhold

Solhjell innrømmer feil i kraftline-striden

Tidlegare miljøvernminister Bård Vegard Solhjell (SV) innrømmer at han gjorde feil då han godtok at Ørskog Fardal-kraftlina kunne leggjast gjennom Sørdalen naturreservat i Bremanger.

Bård Vegard Solhjell

VEDGÅR FEIL: Bård Vegard Solhjell vedgår at han gjorde feil då han godtok at kraftlina skulle gå gjennom Sørdalen naturreservat.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Då tidlegare miljøvernminister Solhjell skulle avgjere ankesaka om kvar Ørskog Fardal-kraftlina skal gå gjennom Bremanger, rådde fagfolka i hans eige departementet at han ikkje måtte godta at lina skulle leggjast gjennom Sørdalen naturreservat.

Det vart mellom anna åtvara mot at ei slik løysing kunne føre til at saka hamnar i retten. Men Regjeringsadvokaten hadde ei anna oppfatning, og Solhjell valde å lytte til han.

– Det juridiske rådet eg fekk var at det ville stå seg dårleg i retten dersom ein endra på vedtaket om å leggje kraftlina gjennom Sørdalen, seier Solhjell.

Unnvikande om han tek sjølvkritikk

Men dine eigne fagfolk i departementet rådde deg til at du ikkje måtte godta at kraftlina vart lagt gjennom Sørdalen Naturreservat. Kvifor valde du å overprøve dette?

– Departementet endra råda sine til meg etter mellom anna å ha vore i kontakt med regjeringsadvokaten. Difor tok eg det valet eg gjorde.

Tar du sjølvkritikk for det du gjorde?'

– Eg tek det til meg. Samtidig meiner eg at eg gjorde det rette då eg måtte ta avgjerda. Så ser eg no at retten har kome til ein annan konklusjon, noko eg må respektere.

Kraftlinje Bremanger

OMSTRIDD: Statkraft sitt anlegg i Sørdalen i Bremanger.

Foto: NRK

Straum til Midt-Norge

SV er eit miljøparti og var det ikkje viktig for deg som miljøvernminister å verne eit naturreservat?

– Jau, det er veldig viktig. Men her hadde vi to traseval der begge ville utgjere miljøproblem. Det var også andre viktige omsyn. Eit av dei var straumforsyninga til Midt-Norge som på det tidspunktet var ei stor sak, seier Solhjell.

Det er framleis ikkje avgjort om kraftlina skal gå gjennom Sørdalen. Eit anna alternativ er å leggje kraftlina gjennom Førdedalen.

– Ikkje akseptabel løysing

Politisk rådgjevar i Klima- og miljødepartementet, Jens Frølich Holte, seier at dei legg vedtaket om traséval frå den førre regjeringa, og altså Solhjell, til grunn for sitt vidare arbeid.

– Ein reversering av den førre regjeringas vedtak og påfølgende ny runde om trasévalet ville ha forseinka prosessen og ført til at kraftforsyningen til Nordvestlandet og Midt-Norge ville vore sårbar i enda lang tid framover. Det ville ikkje ha vore akseptabelt, skriv Holte i ein kommentar.