Hopp til innhold

Vedgår falsk brannmelding

Ein mann i midten av 20-åra har vedgått at det var han som stod bak den falske brannmeldinga som førte til full utrykking på Sandane natt til søndag.

- Vedkomande hadde teke mobiltelefonen til kameraten då han ringde inn meldinga, fortel lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

- Noko god forklaring på kvifor han gjorde dette har han ikkje gitt, seier Roset.

Seks brannbilar, politi og ambulanse vart sende til det som ifølgje meldinga skulle vere eit brennande husvære i Sandane sentrum. Men no har kameraten til eigaren av mobiltelefonen altså vedgått at det var han som stod bak tulletelefonen. Roset vil ikkje spekulere i kva reaksjon mannen kan få, men han ventar at den blir streng.

- Falske brannmeldingar er alvorleg. Eg reknar med at det vert ein kraftig reaksjon, seier Roset.