Regnrekorden blei knust i Bergen: – Vi lurte på om nokon hadde tulla med målaren

I helga kan heile landet venta seg regnvêr, men som vanleg får vestlendingane dei største regnbyene. Torsdag fekk bergensarane ny rekord for nedbør på ein månad.

Eliteserien fotball 2021: Brann - Viking

SØLA SKVETT: Robert Taylor kjempar i ein kamp der ballen knapt vil spretta i den gjennomvåte grasmatta på Brann Stadion torsdag kveld.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Det er ein spesielt blaut og grå oktober i regnbyen Bergen. Torsdag spelte Brann og Viking ein parodi av ein fotballkamp som blei døypt om til «vasskrigen».

Men fotballspelarene var ikkje dei einaste som fekk merke at det var vått i Vestlandets hovudstad torsdag.

Klokka 7 fredag morgon var det målt 621,9 millimeter nedbør totalt for oktober. Den tidlegare rekorden for nedbør på ein månad var 586 millimeter.

– Allereie har dei slått rekorden ganske godt. Og det kjem meir nedbør dei neste dagane, så vi får sjå kor dei ender, seier vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane i Meteorologisk institutt.

Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

PARAPLYVÊR: Statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane seier at bergensarane ikkje kan venta seg sol i auga denne helga.

Foto: Privat

Frå klokka 8 torsdag til klokka 8 fredag hadde det regna 91,1 millimeter.

– Det var så mykje at det blei ein slags intern vits her på huset. Vi lurte på om nokon hadde tulla med målaren, men eg har sjekka med min kollega i Bergen og fått bekrefta at det stemmer, seier Vågane.

– Kan du vere så snill og seie noko positivt om framtida?

– Tja. Når det først skal regne så mykje, meiner jo mange at det er greitt at det blir rekord. Det er ganske greie temperaturar, gårsdagen var 4,9 grader over normalen i Bergen. Men med tanke på nedbør blir det ganske vått i dag og, spesielt mot kvelden, seier Vågane.

Vått i heile landet – best i aust

Høg temperatur gjeld også for Trøndelag og Sørlandet. Men i Nord-Norge er bildet annleis.

– Temperaturkontrastane er store mellom nord og sør, seier Vågane.

Det har vore minusgrader og snø i låglandet fleire stader i nord denne veka. Vidare er det gule farevarsel for snøfokk, vindkast og is i store delar av Troms og Finnmark som gjeld ut torsdag.

Etter kvart blir det mildare og nedbøren kjem som sludd og regn.

E6 ved Skibotn

MILDT OG GLATT: Med temperaturaukinga blir det glatte vegar i dag i Troms og Finnmark. Her frå E6 ved Skibotn i Troms.

Foto: Statens vegvesen

Dermed vil det vere regnvêr i heile landet denne helga, men det vil falla mest på Vestlandet.

Der er det jord- og flaumskredfare til laurdag morgon.

– Med lågtrykk frå vest og sør, så er det ganske normalt at det vil regna mest i vest, seier Vågane.

Mot helga blir det også plussgrader i heile landet. Dei beste temperaturane kjem på sør- og Austlandet, der det blir rundt 15 grader enkelte stader.