Hopp til innhold

Vått og kaldt fram til midten av august

Ventar du på sommarvêret, må du smørje deg med tolmod enno ei stund. Ikkje før i midten av august er det håp om endring, melder meteorologen.

Dårlig vær med styrtregn er meldt på Østlandet og i Nord-Norge.

VÅTT: Det blir framleis paraplyvêr i store deler av landet.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Så langt har julivêret vore heller labert. I alle fall i Sør-Noreg.

– I starten av juli hadde vi ein periode med litt høge temperaturar, men siste halvdel har vore kjøligare enn normalt her i sør, seier statsmeteorolog Hanne Beate Skatter.

I Bergen kan dei til dømes notere seg for berre ein dag med 27 grader så langt i juli. Elles har temperaturane stort sett lege under 20 grader.

Juli i år har vore ekstra våt i den regntunge vestlandshovudstaden. Nedbørsstatistikken frå Meteorologisk institutt syner 25 prosent meir regn i Bergen enn det som er normalt for juli.

Vått har det også vore i store deler av landet elles også. Seinast tysdag gjorde kraftig regnvêr store skadar i Innlandet.

– i juli har det vore mykje ustabilt vêr og byer, seier Skatter.

Lite håp om betring til helga

Skulle du ha håp om ein solgløtt og litt varme i helga vi har lagt bak oss, burde du nok ha vore nord om Bodø eller på Sørlandet. Denne helga blir nok også heller grå og våt for dei fleste av oss.

– Det vert nok mykje byer i store deler av landet. Ytre strok i Nord-Noreg er nok dei som har størst sjanse for sol.

Men også der lurer nedbørsskyene ut i havet.

– Så heilt ytst er det nok fare for låge skyer og skodde, men litt inn på kysten er det store moglegheiter for sol, seier Skatter.

Vêrkart

Slik såg vêrkartet ut klokka 18:00 onsdag.

Foto: METEOROLOGISK INSTITUTT

Kanskje i midten av august

Så langt har den norske sommaren vore langt unna heitebølga som har råka lenger sør i Europa.

– Skilje mellom kald og varm luft har gått sør for oss. Vi har hatt mykje ustabilt vêr og nedbør.

Det kjem nok til å prege resten av juli og starten av august. Det kan nok bli periodar med sol, men sommaren i sør vil nok framleis vere prega av ustabilt vêr og nedbør.

– Vi ser ikkje noko til dei langvarige høgtrykka som vil gi fint vêr mange dagar på rad. Men det er ei moglegheit for eit skifte i midten august med litt meir stabilt vêr. Men det er langt fram i tid, seier Skatter.

I neste veke får vi svar på kor våt og kald årets juli har vore samanlikna med tidlegare år.