Hopp til innhold

Vått for femte året på rad

FLORØ (NRK): Våt Moro starta som ein liten havsportfestival, tufta på dugnadsånd og lokale eldsjeler. Denne veka er det femte gongen havsportfestivalen blir arrangert i Florø.

June Knapstad Kroppan

SPENT SJEF: June Knapstad Kroppan er ny festivalsjef for Våt Moro.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Eg har ikkje tort å sjekke vêrmeldinga, ler June Knapstad Kroppan.

Ho er ny Våt Moro-general av året, og kan fortelje at det er deilig å være i gang. Med utandørsaktivitetar heile helga ber ho til høgare makter om at vêret skal halde seg nokolunde greitt i kystbyen.

– Vi har venta lenge og brukt mykje tid på å førebu festivalen.

Feirar jubileet

Festivalen opna offisielt på torget i Florø onsdag kveld, med Lofoten-artisten Sondre Justad på scena. Nærare 500 menneske tok turen.

– Eg er veldig patriotisk og veldig glad i Florø. Sjøen, kystlinja og fjella gjer meg stolt over å vere florøværing. Det er nettopp det festivalen prøver å få fram, vi har veldig mange moglegheiter i byen. Sjølv om byen er liten så har vi mykje å tilby, og det prøver vi å få vist fram denne veka, seier festivalsjefen.

Våt Moro 2014

FLYBOARD: Har vore ein av aktivitetane Våt Moro har arrangert sidan starten.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ho fortel at dei booka Sondre Justad nettopp fordi festivalen har sitt første jubileum i år.

– Det er veldig kjekt å kunne markere eit femårsjubileum med ein litt større artist.

Vann billett

Det er ikkje berre folk frå Florø som skal leike seg i Florøbassenget dei komande dagane. Silje og Linn har teke turen frå Oslo. Dei var nemleg dei heldige vinnarane av Våt Moro sin eigen Facebook-konkurranse.

– Linn kommenterte på eit bilete på Facebook, og sa at ho ville ha med meg på tur. Då trekte dei ut ein vinnar, og det var oss, fortel Silje.

KLAR FOR HAVRAFTING

KLAR FOR HAVRAFTING: Silje og Linn vann Våt Moro-tur på Facebook.

Foto: Henrik Agledal / NRK

Linn seier at ho aldri hadde høyrt om festivalen før ho melde seg på konkurransen.

– Det høyrdest veldig morosamt ut. På onsdag var vi på Sondre Justad-konsert, og det var kjempekjekt. No skal vi på havrafting, før vi skal på bryggeri i kveld, seier Linn.

Silje er imponert over kva florøfolket har fått til under festivalen.

– Det virkar kjempebra, og det er tydeleg at mange er interessert, seier Silje, før ho tek plass i havraftingbåten.