Hopp til innhold

Våt laurdag på kysten

Synest du det har regna nok i det siste? Berre vent, laurdag blir det endå våtare, iallfall om du bur nær kysten i Sogn og Fjordane.

Regn Førde

BU DEG PÅ NEDBØR: Skal du vere ute laurdag er det berre å utstyre deg med paraply og/eller regnklede.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Statsmeteorolog Frode Hassel seier at det laurdag kan kome mykje nedbør, særleg i kystnære område.

– Det tidsrommet vi ventar mest nedbør er heile laurdagen, frå midnatt natt til laurdag til midnatt natt til søndag. Det er snakk om rundt 40 millimeter på 24 timar, og ytre strok ser ut til å vere mest utsett.

Frode Hassel

MELDER REGN: Statsmeteorolog Frode Hassel.

Foto: Marit Hommedal

Også det komande døgnet kjem det ein god del regn, men då er det i midtre og indre strok det kjem mest, seier Hassel.

– Vi har eit nedbørsområde som ligg rett utanfor kysten som gir ein god del regn i kveld og natt. Så ser det ut som det skal lette opp første delen av fredagen, før det kjem nye byer inn fredag kveld.

Han seier at det kan bli lokale variasjonar når det gjeld mengda av nedbør, men at det ikkje blir så store skilnader som det var 24. juli, då Utvik vart råka av flaum, medan det regna lite andre stader i Sogn og Fjordane..

– I nedbørsområdet som kjem no er det innbakte byeskyer inne i fronten, og då kjem det nokre kraftigare regnskurer ein del stader, så det kan bli litt ujamnt fordelt.

Kva så med godvêr framover? Det er skulestart måndag, og det ser ut til at elevar og lærarar slepp regnklede dei to første skuledagane.

– Måndag og tysdag ser faktisk greie ut, men frå onsdag av blir det ein ny omgang med regn, seier Frode Hassel.