Domstein Kalvåg. Arkivfoto NRK
Driftsjef Per Røys seier dei må ha reint vatn innan i morgon, elles må dei dumpe store mengder fisk. Årsaka til den dårlege vasskvalieten er at det er for lite vatn i forsyninga frå kommunen, seier teknisk sjef Ole Bjørn Førde i Bremanger kommune. Han ber folk sjekke om dei har ståande opne kraner, og om å spare på vatnet.
For Domstein Kalvåg kan mangelen på vatn få store økonomiske konsekvensar, seier driftsjef Per Røys.