Hopp til innhold

Vårtemperaturar i februar lokka denne paringsklare karen ut på tur

Saknar du snø og kulde? Det gjer i alle fall ikkje denne ormen som midt på vinteren fann ut at det var på tide å kome ut av dvalen.

Hoggorm i Nordfjord

UVANLEG: Kristian Starheim møtte denne hoggormen på tur i går. – Eg vart ganske overraska, seier han.

Foto: Privat

– Lovleg tidleg, men han gjer seg nok klar til paring, seier zoolog Petter Bøckman.

Førre veke viste temperaturmålaren tosifra minustal. No er sprengkulde erstatta av vårlege temperaturar. Då kan ein bli overraska på tur.

– Eg såg ned, der låg det plutseleg ein stor hoggorm rett framfor meg, fortel Kristian Starheim.

Han bur på Stårheim i Nordfjord og han søndagsturen til gamlevegen ved grenda Haus. Klatreinteressert som han er, kika han etter gode klatremoglegheiter i fjellveggen.

Der låg ormen.

Starheim meiner hoggormen må ha vore om lag 60 centimeter.

– Dette må ha vore ein som vart litt forvirra av mildvêret. Eg vart ganske overraska, og har aldri sett hoggorm ute midt på vinteren, seier Starheim som brukar mykje tid i fjellet.

Varmegrader i vente

Zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum meiner også at hoggormen er usedvanleg tidleg ute.

– Dette er lovleg tidleg. Men det er nok ein hann-orm, og dei skal etablere revir, finne mat og gjere seg klar til paring så snart damene vaknar, seier han.

I fjor var hoggormen ute av bola allereie i januar.

I fjella der Starheim oppheld seg når han er på tur dukkar hoggormen vanlegvis opp i april månad. Hoggormen er eit av dei mest utbreidde krypdyr-artane vi har i Noreg, ifølgje Bøckman.

– Den finnast i heile landet, utanom i snøfjellet, seier han.

Etter ein lang periode med sprengkulde og klart vêr er det no plussgrader i vente landet over. I Sør-Noreg kan ein oppleve 40 grader i skilnad på ei veke.

Laster Twitter-innhold

– Eit nyttedyr

Oppmodinga til dei som møter hoggorm på sin veg er klar:

– La hoggormen krype. Det har vore eit kraftig museår, og hoggormen er ein musejeger og eit nyttedyr. Det er berre å la den gjere jobben sin, så er den ikkje til plage, seier han.

Og den oppmodinga følgde Starheim, som no trur ein må bu seg på å møte orm på tur – i alle fall i Nordfjord:

– Folk får berre halde ungar og hundar i band, seier han.