Hopp til innhold

Vart overraska av sals-annonse

Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim forstod lite då han laurdag såg ei annonse om at bygget som husar Vegtrafikksentralen er til sals.

Jan Geir Solheim og salsannonse

OVERRASKA: Salsannonsen som stod på trykk i avisa i helga kom overraskande på ordførar Jan Geir Solheim.

Foto: Montasje: Odd Helge Brugrand/NRK

På annonsesidene i Sogn Avis kunne folk laurdag lese at det var til sals eit flott næringsbygg i Grandavegen 6 i Lærdal. Bygget husar mellom anna Vegtrafikksentralen, i tillegg til at det jobbar fleire andre her.

Alle dei som jobbar i huset vart overraska over at det plutseleg var hengt opp eit skilt med til sals på veggen.

Ordføraren stadfestar at kommunen har bede om ei verdivurdering av bygget, men hadde ikkje tenkt at det skulle leggjast ut for sal.

– Eg ser jo at det har kome opp eit skilt. Det var og ei annonse i Sogn Avis som forbausa meg. Det stod ikkje blir vurdert selt, seier Jan Geir Solheim (Sp) til NRK.no.

Fryktar for arbeidsplassane sine

I dagens Sogn Avis gir dei som jobbar i huset uttrykk for stor uro. Mellom anna dei tilsette på Vegtrafikksentralen fryktar arbeidsplassane deira kan ryke om huset dei held til i får nye eigarar.

– I verste fall kan det medføre at nye eigarar av bygget rett og slett set ein strek over arbeidsplassar, om dei har ombyggingsplanar eller andre formål med kjøp av bygget, seier Roger Nedberge Hille som er ein av fire fast tilsette vaktoperatørar ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Dei tilsette ved Vegtrafikksentralen opplever frå tid til anna at Vegvesenet vil avvikle sentralen i Lærdal og flytte arbeidsplassane til Bergen i staden. Om bygget dei held til i får nye eigarar kan det fort setje fart i slike følgjer, fryktar dei tilsette ved sentralen.

– Kan de ikkje berre flytte til eit anna bygg?

– Det vil medføre eventuelle kostnader for arbeidsgjevaren vår, og vi er litt usikre på om det kjem til å bli gjennomført, seier Nedberge Hille til NRK.no.

Håpar kommunen snur

Han meiner det er svært viktig at dei får halde fram å gjere jobben sin frå nettopp Lærdal.

– Det er veldig viktig med lokal nærleik til dei områda vi har med å gjere, og lokalkunnskap er ein viktig faktor når det gjeld vegnettet i fylket, seier han.

Håpet frå dei tilsette på Vegtrafikksentralen er at kommunen let vere å selje bygget. Dei har vore i kontakt med både rådmann og ordførar, og har fått forskjellige svar på kor vidt bygget faktisk skal seljast eller ikkje.

– Lærdal er i ein spesiell situasjon der vi har mista mange arbeidsplassar. Det er jo veldig merkeleg at dei kan risikere å miste endå fleire om dei sel eit bygg der det er trygge statlege arbeidsplassar, seier Nedberge Hille til NRK.no.

Vil ikkje setje arbeidsplassar i fare

Ordførar Jan Geir Solheim kan langt på veg roe dei tilsette som fryktar for jobbane sine.

– Vi kjem ikkje til å gjere noko som set arbeidsplassane deira i fare. Vi er heller ute etter å skape fleire arbeidsplassar, også offentlege, seier Solheim til NRK.no.

– Så dei tilsette treng ikkje uroe seg?

– Nei.

Seinast for eit år tilbake var ordføraren ute og sa at han ville ha fleire arbeidsplassar til Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Noko har gått gale

Solheim seier kommunen har bede om ei verdivurdering av fleire bygg i kommunen, og at det er dette som er bakgrunnen for annonsen.

Men ein eller annan stad på vegen har det skjedd ei misforståing, meiner ordføraren. Han vart overraska då han såg annonsen om at bygget faktisk var til sals.

– Vi har ikkje snakka om det, om vi berre skal få ein rein takst eller om det skal ut på ein bodrunde.

– Der har vi kanskje ikkje kommunisert godt nok politisk og administrativt.

Torsdag skal det ifølgje annonsen vere visning av bygget. Kor vidt det er aktuell å stogge den kan ikkje Solheim svare på.

– Eg må sjå på dette. Om det blir ei visning, så er det ikkje politisk behandla om det skal seljast eller ikkje.

– Det er Lærdal kommune som eig bygget og vi har berre bede om ei verdivurdering.

– Kommunestyret som må gjere vedtak

Det er rådmann i Lærdal, Alf Olsen Jr., som har hatt ansvar for å bestille annonsen. Han kan forstå at dei tilsette er redde for arbeidsplassen sin, og beklagar den situasjonen som har oppstått.

– Det er jo korrekt det som blir sagt frå ordføraren si side at det blir vurdert selt. Eit eventuelt sal må leggjast fram for kommunestyret, det er dei som må ta stilling til det når vi kjem lenger fram i prosessen, seier Olsen til NRK.no.

Dei som jobbar på vegstasjonen opplever at dei har fått forskjellige svar frå rådmann og ordførar på kor vidt bygget faktisk er til sals.

– Eg føler vi har prøvd å vere tydelege på det vi har kommunisert her. Det har vore orientert om at det må gjerast eit endeleg salsvedtak på eit seinare tidspunkt før eit sal blir realisert.

– Det er ikkje alltid at det blir oppfatta likt i ulike samanhengar. Eg forstår det ut frå den frykta dei tilsette har i denne situasjonen, seier rådmannen.

– Er Grandavegen 6 til sals, eller er den ikkje?

– Mi oppgåve er å undersøke prisnivået på den, så er det kommunestyret si oppgåve å gjere vedtak om den skal seljast eller ikkje.