Hopp til innhold

Vart møtt med dette skrekksynet i hagen

Ekteparet frå Florø fekk seg ei svært ubehageleg overrasking då dei tok seg ein tur ut i hagen onsdag føremiddag.

Denne hjorten har nok kjempa ein lang dødskamp.

TRAGISK: Siv Førde og ektemannen Petter Refsnes fekk sjokk då dette synet møtte dei i hagen deira, onsdag føremiddag.

Foto: PRIVAT

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg tykkjer det er forferdeleg å tenkje på kva som skjedde medan me låg og sov, seier Siv Førde.

Det var Firdaposten som først omtalte saka.

Sjokkert

Det var onsdag føremiddag at Førde, saman med ektemannen Petter Refsnes, fekk beskjed frå forbipasserande om kva som hadde hendt i hagen deira.

– Det kom nokre smågutar og ein mann opp til oss og fortalde at dei hadde funne ein hjort i hagen.

Synet som venta dei der var alt anna enn hyggjeleg.

– Eg vart heilt sett ut, det var verkeleg ille. Den hadde vikla seg inn i eit svært rep som hadde vorte surra rundt heile hovudet. Han har sikkert kjempa noko svært før han vart kvelt, seier ho.

Død hjort i hagen

DØDSKAMP: – Det var sikkert litt av ein dødskamp, fortel Siv Førde om hjorten som vart kvelt.

Foto: PRIVAT

Oppmodar andre til å ta omsyn

Etter å ha summa seg la Førde ut eit Facebook-innlegg med bileta av den daude hjorten, der ho oppmodar andre til å ikkje la ting ligge og slenge i naturen. Det tok ikkje lang tid før kommentarfeltet vart følgt opp av folk som ville vise si støtte.

– Eg fekk også ei melding på telefonen som sa at det såg ut som at repet kunne ha komme frå volleyballbana på den videregåande skulen, som ligg rett ved.

Førde håpar at bileta når ut til så mange som mogleg, slik at folk tenkjer ekstra over kva dei kastar frå seg.

– Eg tenkjer dette føyer seg inn i rekka med alt anna me kastar i naturen. Ein må rydde opp etter seg, for desse tinga kan faktisk vere av stor fare for dyra, seier ho.

Siv Førde med hunden Robbie.

GLAD I DYR: Siv Førde meiner folk må tenkje meir på velferda til dyr i naturen. her saman med den avdøde hunden hennar, Robbie.

Foto: PRIVAT

Ikkje uvanleg

Viltforvaltar i Flora kommune, Jan Osa, fortel at det slett ikkje er uvanleg at hjort mister livet grunna menneskeskapte gjenstandar i naturen. Han har likevel forståing for at folk reagerer når slike ting skjer.

– Det er ikkje noko kjekt for folk med omsorg for dyr å sjå slike ting, seier han.

Osa fortel at i Flora kommune åleine, har dei ein stad mellom fem til ti hendingar i året der hjortar døyr som eit resultat av liknande årsaker.

– Det kan jo vere tauverk, eller leikeapparat som folk har lagt frå seg og ikkje tenkjer skal vere til plage. Men så skjer slike ulykker, og det er sjølvsagt trist, seier han.

Må halde hjortebestanden nede

Osa meiner det er viktig å poengtere at fleire av hjortane som lid liknande skjebnar, i utgangspunktet ikkje skal vere der. Han meiner hjorten utgjer ein fare både for seg sjølv og andre.

– Ein hjort som vandrar i bybildet er ein fare både for seg sjølv og andre, særskilt i trafikken. Dei leitar etter mat alle plassar og ser generelt utsette.

For å hindre at for mange hjort tek vegen inn mot byen meiner Osa at grunneigarar og dei som dreg på jakt har eit viktig ansvar for å halde hjortestanden nede.

– Dei må legge inn ein innsats tidleg i sesongen for å ta ut kvoten. Gjer dei ikkje det så må me avlive fleire som følgje av skader, seier han.