Hopp til innhold

Vart lova bru – fekk dyrare ferje

Neste år skulle arbeidet med å forbinde øya til fastlandet byrje. I staden fekk øyfolket dyrare ferjebillettar.

Aril Olset og Bjørn arne Mjåset

FORTVILTE: Atløyfolket, her ved Aril Olset og Bjørn Arne Mjåset, er fortvilte over at det ikkje er meir framdrift i vegprosjektet til øya.

Foto: Bård Siem / NRK

På Atløyna i Askvoll kommune i Sunnfjord har øyfolket kjempa for å få bru til fastlandet i fleire tiår.

– Sambandet var fyrste gong planlagt i 1992, sukkar Aril Olset i Atløy Vel.

Han er lei av å vente. Difor gleda han seg over Vestland fylke sitt investeringsprogram, der det var lova eit startløyve til Atløysambandet på 51,3 millionar.

Dei fyrste pengane skulle kome frå 2021. No kunne bruforkjemparane endeleg glede seg.

Så kom innstillinga til fylkesrådmannen i Vestland, som vart lagt fram førre veke.

Der foreslår fylkesrådmannen i staden å utsetje heile prosjektet.

Vestland har nemleg hamna i ein økonomisk krise.

– Dette er fortvilande å vere vitne til, seier Olset, og kallar det «ein ufatteleg dårleg bruk av skattebetalarane sine pengar».

På Atløyna i Askvoll kommune i Sunnfjord har øyfolket kjempa for å få bru til fastlandet i fleire tiår.

UTSETT: Fylkesrådmannen i Vestland forslo å utsetje bru frå Atløyna i Askvoll kommune til fastlandet.

Foto: Rambøll

Gunstig ordning for fylkespolitikarar

Argumentet er at regjeringa har etablert ei gunstig ordning for fylkespolitikarar som ønskjer å kvitte seg med ferjene. Ferjeavløysingsordninga betyr at staten subsidierer bruutbygging med like mykje som den gamle ferjedrifta ville ha kosta over førti år.

Ifølgje Olset sine berekningar har ferja til fastlandet allereie kosta samfunnet fem gonger så mykje pengar som ei bru i 1992 ville kosta.

– No har politikarane ein gyllen moglegheit i samband med den låge renta. No må dei satse på bru, seier han.

Og på toppen av det heile har prisane på ferjebillettane til og frå Atløyna auka med kring 50 prosent, frå 87 til 127 kroner.

– Ein rein provokasjon, seier Olset.

Måndag vedtok Fylkestinget i Vestland å kome øyfolket litt i møte og senke ferjeprisen frå 127 til 112 kroner.

Olset mistenkjer likevel at fylkespolitikarane ganske enkelt ikkje har skjønt korleis ferjeavløysingsordninga fungerer, og difor går glipp av pengar som kunne komme godt med.

Franbk Willy Djuvik (Frp) og Aleksander Øren Heen (Sp)

Aleksander Øren Heen (Sp) forsikrar at han er kjend med ferjeavløysingsordninga. Her i passiar med Frank Willy Djuvik, Frp-politikar og styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Regjeringa må bla opp no

Det avviser fylkestingsrepresentant for Senterpartiet, Aleksander Øren Heen.

– Vi kan ikkje binde opp store midlar før vi veit kor mykje pengar vi faktisk har å rutte med, seier han, og understrekar at han «kjenner godt til ferjeavløysingsordninga».

Enn so lenge retter Heen sin appell til regjeringa.

– Eg meiner at regjeringa må bla opp no. Når regjeringa reddar næringsliv og bedrifter, må dei gjere det same for fylkeskommunar som slit.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med regjeringa i samband med denne saka, men tidlegare har kommunalminister Nikolai Astrup (H) uttalt at det kjem til å kome meir pengar til både fylke og kommunar.

– Ikkje prioritert lågare

Leiar for samferdsleutvalet i Vestland fylke, Jannicke Bergesen Clarke, seier at sjølv om det førebels dreg ut, er ikkje Atløysambandet nedprioritert av vestlandspolitikarane.

– Vi er endå tidleg i ein budsjettprosess, så det blir feil å seie at Atløysambandet er prioritert lågare enn andre prosjekt per no.