Hopp til innhold

Vart berga frå brennande bil – dømd til fengsel

Forbipasserande fekk berga den rusa sunnfjordingen vekk frå bilen like før den tok fyr. No må den unge mannen 28 dagar i fengsel etter trafikkulukka i mai i fjor.

Bil tok fyr etter utforkøyring på riksveg 5 ved Erdalen

BERGA: Tilfeldig forbipasserande såg ulukka og fekk berga mannen vekk av bilen før den tok fyr.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Blodprøve teken vel ein time etter ulukka ved Erdalen i Førde, viste ein promille på 1,99.

– Det framstår som tilfeldig at køyringa til sikta ikkje fekk alvorlegare følgjer, skriv dommarfullmektig Lisa Førde Refsnes.

Vart berga ut i tide

Mannen var på veg vestover på riksveg 5 då ulukka skjedde kring seks kilometer frå Førde. I ein høgresving med redusert sikt, kryssa bilen motgåande køyrebane og hamna i eit elvegjel før den byrja å brenne. Bilen vart observert med høg fart.

Mannen vart alvorleg skadd i ulukka, medan bilen vart totalvrak.

– Det var ein person i bilen som køyrde av vegen, og bilen skal ha byrja brenne. Andre personar som kom raskt til staden har hjelpt føraren, ein mann, ut av bilen, fortalde operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Gjennom bustadfelt

I tida før ulukka, køyrde mannen med høg fart inn i autovernet i Brendeholten i Førde, der han mista både registreringsskilt og støytfangar.

Mannen erkjende straffskuld og samtykka i at saka kunne gå som tilståingsdom i Fjordane tingrett. Retten såg alvorleg på køyreåtferda, spesielt på eit tidspunkt der ein må vente at det er andre vegfarande. Ulukka skjedde like før klokka 22.

– Sikta hadde fleire trafikkuhell og høg fart ved køyringa, han hadde ei promille på kring to og køyrde gjennom bustadfelt, bysentrum og sist på hovudinnfartsvegen til Førde, skriv Førde Refsnes.

28 dagar i fengsel

Påtalemakta la ned påstand om 24 dagar fengsel. Fjordane tingrett samtykka i at 35 dagar var rett utgangspunkt. Retten såg formildande på at mannen erkjende straffskuld og samtykka i tilståingsdom.

Mannen vart også sjukmeld i fem til seks månader etter ulukka. Retten dømde mannen til 28 dagar i fengsel og 8.000 kroner i bot.

Han misser også førarkortet i tre år, samt må betale 10.000 kroner i skadebot til Førde kommune for skader på rekkverket i Brendeholten.