Hopp til innhold

Vart angripen med øks medan ho sov – 20-åring tiltalt for drapsforsøk

Ein nabo vakna av bråket og fekk avverja økseangrepet. Statsadvokaten varslar påstand om tvungent psykisk helsevern for den tiltalte mannen (20).

Politibil i Askvoll

ÅSTAD: Åtaket mot kvinnene skjedde på den 150 år gamle lensmannsgarden i Askvoll.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Midt på natta 21. juli i fjor vart ei kvinne i Askvoll angripen med øks i eigen heim. Ho låg i senga si og sov, då ein mann kom inn på rommet og gjekk til angrep på henne.

– Det var mange lydar. Eg ser ikkje mykje, men eg høyrer alt, har Cecilie Utne (61) tidlegare fortalt til NRK.

No er den 20 år gamle mannen tiltalt for drapsforsøk med øks.

I tiltalen varslar førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen at det vil bli lagt ned påstand om tvungent psykisk helsevern for 20-åringen.

– Dette er ei lei sak der ein sjuk person har vore farleg i augneblinken og blitt teken hand om, heldigvis. No må vi vurdere desse handlingane ut ifrå ei framtidig risikovurdering, seier statsadvokaten til NRK.

Redda av naboen

Åtaket mot kvinna skjedde på den 150 år gamle lensmannsgarden i Askvoll, der ho jobba med å lage eit retreatsenter.

Ifølge tiltalen vart kvinna slått i hovudet med øksa og fekk økseskaftet pressa mot halsen medan 20-åringen sa «jeg må drepe deg».

I naborommet fekk ei kvinne i 60-åra med seg bråket, og kom til unnsetning.

«Han lyktes ikke i sitt forehavende, idet NN kom til stedet og fikk avverget angrepet», heiter det i tiltalen.

– Ein kan frykte at det kunne gått riktig gale dersom det ikkje hadde kome nokon til for stoppe det som gjekk føre seg, seier Stolt-Nielsen.

I samsvar med siktinga

Forsvarar Bente Hermansen seier at mannen har erkjent det faktiske forholdet, men at han ikkje erkjenner straffskuld etter tiltalen.

– Han hadde ikkje til hensikt å drepe, slik politiet meiner at dei kan bevise, men dette blir ein del av bevisføringa for retten, seier Hermansen.

20-åringen er også tiltalt for vald mot nabokvinna som kom til unnsetning.

Ho skal ha blitt kasta i bakken, før tiltalte pressa ein gjenstand mot magen hennar og pressa foten sin på hovudet hennar. Deretter vart ho slått og biten fleire stader på kroppen.

Venta ein time på naudet

Mannen vart arrestert utanfor huset. Han ringde sjølv til politiets operasjonssentral.

Då hadde dei to kvinnene venta på hjelp i ein time. Reisevegen til Askvoll gjorde at politiet brukte meir enn ein time på å ta seg fram til bustaden.

I mellomtida tok ambulansen, som hadde kortare reiseveg, ikkje sjansen på å nærme seg huset.