Varslarsak i Aurland

Aurland kommune har fått inn ei varslarsak mot rådmannen i kommunen, skriv porten.no. Varselet gjeld det varslaren kallar kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen. I morgon skal saka handsamast av kommunestyret. Sjølve varselet er unnateke offentleggjering. Verken ordføraren eller rådmannen ønskjer ikkje å kommentere innhaldet i varselet.