Varslar nye tiltak for bergensregionen etter mutantutbrudd

Helseminister Bent Høie varslar avklaring søndag om nye tiltak for bergensregionen etter mutantutbrudd. Det kan kome inngripande tiltak, med betydeleg negative konsekvensar for 13 kommunar.

Monica Mæland og Bent Høie
Foto: Terje Pedersen / Terje Pedersen

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

SISTE: Helsedirektoratet har i dag tilrådd særleg høgt tiltaksnivå for kommunane Bergen, Kvam og Ulvik. Det er også tilrådd forsterka smitteverntiltak i kommunane Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal, Voss, Øygarden, Eidfjord og Ullensvang.

Tiltaka gjeld i første omgang i ei veke, fram til søndag 14. februar.

Søndag føremiddag melder Bergen kommune at det er registrert 13 nye smitta. Totalt var det 649 som testa seg laurdag.

Det er ein importsmitte, og åtte har ukjent eller usikker smitteveg. Fem av tilfella er knytt til ein byggeplass der det er risiko for spreiing av sørafrikansk virus.

Bergen kommune held pressekonferanse klokka 12.30.

– Alvorleg

Laurdag vart det stadfesta åtte nye tilfelle av mutert virus i Bergen. No varslar helseminister Bent Høie at det søndag vil komme ei avklaring om nye tiltak.

– Bergen er i ein alvorleg situasjon med utbrot av både den engelske og den sørafrikanske virusvarianten, seier helseminister Bent Høie (H) i ein e-post til NTB laurdag kveld.

Laurdag vart det påvist åtte nye tilfelle av muterte virusvariantar i Bergen. Seks av tilfella er av den britiske varianten, mens to er av den sørafrikanske varianten. Totalt har Bergen kommune 16 av den britiske virusvarianten og sju tilfelle av den sørafrikanske.

Smittevernoverlege Frank van Betten i Bergen sa laurdag formiddag at fleire av tilfella med mutert virus ikkje er knytt til kvarandre, og at dei ikkje klarer å spore kor smitten kjem frå.

– Bergen og de omkringliggande kommunane har i dag bede regjeringa fatte nasjonale vedtak for regionen. Det jobbar vi med, og det vil kome ein avklaring på kva tiltak som blir sett i verk i morgon føremiddag, seier Høie laurdag kveld.

Bergens Tidende skriv at kommunen laurdag var i møte om situasjonen med FHI, Statsforvalteren og omkringliggande kommunar.

– Det er uoversiktleg, og vi vurderer no kva vi skal gjere vidare, men vi har førebels ikkje konkludert, seier medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen.

Uroa for byggeplass

I ei pressemelding laurdag kveld skriv Bergen kommune at dei er bekymra over situasjonen og dei ber regjeringa innføre forsterka tiltak i regionen.

– Situasjonen blir no vurdert som uoversiktleg, og vi er bekymra over at vi no ikkje klarer å spore kor fleire av smittetilfella med mutert virus kjem frå i Bergen, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

– Bekymringa blir forsterka av at det har vore ein auke i andre kommunar, blant anna i Kvam og Ulvik.

Valhammer er også uroa over spreiing av det sørafrikansk viruset knytt til ein byggeplass i Bergen.

– Her er det mange tilsette, og ulike forhold på byggeplassen gjer at det er risiko for omfattande spreiing. Det er behov for strenge tiltak når det er risiko for ein potensiell massespreiing, seier Valhammer.

Bergen kommune har varsla pressekonferanse om situasjonen søndag.

Strenge tiltak

Både smittevernoverlegen og medisinsk fagsjef anbefaler no at det blir innført strenge tiltak.

Dei er bekymra både over smittesituasjonen og det faktum at det er fleire klynger av smitte, både det britiske og det sørafrikanske, som ikkje er tilstrekkeleg kartlagt.

– Innbyggarane i bergensregionen må førebu seg på strenge tiltak dersom regjeringa vedtek å innføre regional forskrift, seier helsebyråd Beate Husa.

Ho seier befolkninga vil merke dei nye tiltaka.

– Tiltak kan vere inngripande med betydelege konsekvensar for befolkninga, også for barn og unge. Eit stort utbrot i regionen vil derimot få ein vesentleg meir langvarig og negativ effekt, også for barn og unge, enn ein rask og streng nedstenging i ein kort periode for å få oversikt.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 11.04.2021
4 717
Smittede siste 7 dager
276
Innlagte
684
Døde
835 970
Vaksinerte