Hopp til innhold

Varslar meir politi i distrikta

Ingrid Heggø (Ap) tek i bruk same ordlyd som justisminister Knut Storberge når ho skildrar budsjettet for politiet.

Ingrid Heggø
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Med 1,3 milliardar kroner, har vi den største auken nokosinne for politibudsjettet, seier ho.

Vidarefører 10,5 stillingar

Kva budsjettet betyr for Sogn og Fjordane konkret, er førebels uvisst. Men det blir ei vidareføring av seks sivile politistillingar som kom i krisepakka tidlegare i år, og 4,5 stillingar som vart resultatet av avtalen politiet og staten vart samde om i juli .

Løftet i politibudsjettet er på 1,3 milliardar kroner. I framlegget er det mogleg for politidistrikta og særorgana å auke tal politiårsverk med 106 samanlikna med saldert budsjett for 2009.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER AVSTEMMINGA)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Meir politikraft

Heile justissektoren er styrkt med 1,6 milliardar kroner, ein auke på 8,1 prosent.

- Det betyr meir politikraft. Både fordi vi har problem med å utdanne nok folk, og her kjem eit veldig stort ekstraopptak så vi har 720 politistudenter. Om tre år vil vi få betydleg meir politifolk også i distrikta, seier Heggø.

Justisminister Storberge har kalla inn til pressekonferanse om justisbudsjettet klokka 14.30.