Hopp til innhold

Varslar meir ladekaos: Operatørar seier nei til ny betalingsløysing

Den nye ladebrikka til Elbilforeningen skulle for første gong føre til ei felles betalingsløysing for kundane. Men fleire operatørar seier nei til å vere med.

Ny type ladebrikke frå Elbilforeningen

VIL IKKJE VERE MED: Målet var at alle operatørane skal vere med på den nye betalingsordninga til Elbilforeningen, men fleire seier nei.

Foto: Jamieson Pothecary / Norsk elbilforening

Det siste året har det vore fleire saker om ladekaos, der det har blitt sett søkelys på eit virvar av appar og ulike betalingsløysingar.

I dag tilbyr 15 operatørar hurtiglading på over 4.000 ladepunkt i Noreg med ulike betalingsløysingar.

Men nesten ingen tilbyr kortløysingar, eller «tæpping», som er mogleg når du fyller bensin eller diesel.

Difor etablerte Elbilforeningen ein eigen ladeklubb for dei rundt 100.000 medlemmane i vinter, «Ladeklubben», der målet etter kvart er å få med så mange operatørar som mogleg.

Éi ladebrikke skal føre til at du får éi laderekning, uansett kva selskap du nyttar til hurtiglading.

I tillegg blir bilistane freista med at brikka kan brukast på over 275.000 ladepunkt i Europa, gjennom ulike samarbeidspartnarar.

Men fleire selskap vel å stå utanfor den nye ordninga.

I Noreg har Recharge, Ionity, E.ON og Kople sagt ja.

Selskapa Mer, Circle K, Eviny og Ishavsveien har så langt takka nei.

Lading av elbil

AVVISER: Fleire selskap takkar nei til å bli med på den nye betalingsordninga til Elbilforeningen.

Foto: Robert Hansen

Får kritikk

No har fleire lokallag i Elbilforeningen kome med vedtak, der dei kjem med kritikk av selskap som ikkje er med på ordninga.

Finnmark elbilforening kritiserer Ishavsveien og fryktar at elbilistane i nord blir møtt med «gårsdagens betalingsløysingar». (Sjå svar frå Ishavsveien i faktaboks under.)

I vest er kritikken like skarp: «Eviny må opne opp for enklare snøgglading», er overskrifta som både Sogn og Fjordane og Hordaland elbilforening står bak.

Her gjer foreininga eit poeng av ladenettverket til Eviny er eigd og bygd opp av offentlege midlar og «at det burde vere ein sjølvfølgje at det skal vere brukarvennleg».

Men no slår Eviny (tidlegare BKK Nett) tilbake. Eit selskap som er eigd av Statkraft, Bergen kommune og 18 andre kommunar på Vestlandet.

– Eit tilbod som krev betalt årleg medlemskap er vel ikkje nødvendigvis beste løysing? NAF er jo ein konkurrerande medlemsbedrift for bileigarar og det vil jo vere uheldig om ein skal vere avhengig av spesielle medlemskap for å få ei ladeløysing, skriv leiar for hurtiglading, Odd Olaf Askeland.

Han viser vidare til at Eviny har lagt til rette for uregistrert drop-in lading via Vipps, i tillegg til selskapet sin eigen app, og meiner det er ei betre løysing enn brikke-løysinga til Elbilforeningen.

Odd Olaf Askeland, BKK.

BETRE MED VIPPS: Vipps er ei betre løysing enn brikkeløysinga til Elbilforeningen, seier leiar for hurtiglading i Eviny, Odd Olaf Askeland.

Foto: Varde

– Burde takka ja

Elbilforeningen svarar at dei ikkje tener pengar på Ladeklubben, og seier ordninga kjem som eit direkte svar på at mange operatørar seier nei til kort og «tæpping».

– No har vi bede dei om kortbetaling i så mange år, og når det er vanskeleg å få på plass synest vi dei bør vere positive til andre løysingar som gjer lading enkelt, seier kommunikasjonssjef Unni Berge i Elbilforeningen.

Ho viser til medlemsundersøkingar som slår fast at ladebrikkene er særs populære blant bilistane, mellom anna fordi dei toler kulde.

Problemet, meiner ho, er at ulike operatørar har hatt ulike løysingar.

– Eviny og andre operatørar må gjerne tilby Vipps, men vi kan ikkje sjå at det skal vere eit argument mot å få til ei enklare ladebrikke.

Problemet med Vipps, meiner ho, er at appen ikkje oppfyller kravet om å fungere på tvers av alle ladeselskap og landegrenser. Utanlandske turistar kan heller ikkje bruke Vipps.

Berge seier kundane tapar på at store operatørar som Eviny ikkje blir med på brikke-løysinga.

– Sånn som det er no vil vår nye ladebrikke fungere perfekt for bilistar som skal reise på ferie i Europa, men ikkje når dei skal lade på Vestlandet.

Unni Berge

VIL HA ÈI ORDNING: Tilbodet om den nye ladebrikka kom fordi operatørane ikkje ønsker å gå inn for kortbetaling, seier informasjonssjef Unni Berge i Elbilforeningen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Kamp om kortbetaling

Spørsmålet no er om kortbetaling kan kome som eit statleg pålegg.

I fjor bad Stortinget Regjeringa legge fram ein ladestrategi i løpet av 2022, som også skal gjere det enklare å lade.

Nyleg la fleire statlege etatar fram eit kunnskapsgrunnlag, der fleire løysingar for enklare betaling vart drøfta.

Samferdsleminister Jon Ivar Nygård (Ap) stadfestar overfor NRK at saka skal behandlast i løpet av året.

– Regjeringa har klare ambisjonar om å sikre god kapasitet i ladeinfrastrukturen for elbil og gjere den meir brukarvennleg.

Men nøyaktig kva den vil innehalde, er for tidlege å seie, legg han til.

 samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

LOVAR SVAR I ÅR: Samferdsleminister Jon Ivar Nygård (Ap) seier regjeringa jobbar for å gjere ladeinfrastrukturen meir brukarvennleg.

Foto: Fredrik Naumann/Felix Features

Fleire selskap har uttrykt stor skepsis mot eit statleg pålegg om kortbetaling. Eviny seier det vil koste 20 millionar kroner å innføre ei slik ordning på alle ladarar, som i neste omgang kundane må vere med på å betale.

I staden viser selskapet til at det i dag er stor konkurranse om kundane, som gjer at operatørane «må prøve å lage den beste ladeopplevinga».

Vi trur at denne konkurransen er til det beste for kundane, men da vil ein oppleve at det er fleire løysingar å ta omsyn til, seier Askeland.

Elbilforeningen kallar det «underleg» at selskapa ikkje tilbyr kort, og viser til at «vi betalar med kort på alle andre ting i samfunnet».

I «Elbilisten 2021», ei årleg spørjeundersøking gjennomført av Elbilforeningen blant norske bileigarar, svarar 75 prosent at det er for komplisert med mange ladeoperatørar og appar.

71 prosent meiner ein bør kunne betale med betalingskort direkte på ladaren.