Hopp til innhold

No bles det opp i vest: – Ta ned trampolinen og skalk lukene

Søndag ettermiddag vil det blåse kraftig på Vestlandet. Det er venta vindkast på opp til 30 meter i sekundet. I Måløy i Nordfjord er brua til fastlandet stengt i periodar.

Måløybrua før stormen "Urd"

KRAFTIG: Ved Måløybrua, ikkje langt frå Stad, vil det bli kraftig vind utover ettermiddagen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dei som bur der sønnavinden tek tak bør passe på hagemøblar og trampolinar, seier statsmeteorolog Siri Wiberg.

Vindkasta vil kunne bli så sterke at lause genstandar kan bli farlege. I fylgje vegtrafikksentralen er vindstyrken på Måløybrua oppe i 33 meter per sekund.

– Det blir sønnavind og det er stort sett kystområda i Vestland som vil få kraftig vind.

I søndag ettermiddag er det venta stiv og sterk kuling. Utover kvelden vil det ta seg opp til ein liten storm som vil vare utover natta.

– Det vil blåse opp i full storm på kysten ved Stad.

Meldingane viser at det er venta vindkast på 25–30 meter i sekundet på kysten, i fjellet og i indre strok av Møre og Romsdal.

– Vi har ikkje sendt ut farevarsel, men det er likevel såpass kraftig at det er greitt å vite om.

– Trafikantane bør vere obs på at det kan vere velta tre og sterk sidevind på fjellovergangane, seier trafikkoperatør Kjetil Larsen i Vest trafikksentral.

Vil bøtte ned

– Det er også berre å skalke lukene for det blir mykje regn i natt, seier Wiberg.

Det ser ut til å komme mest nedbør i sonen mellom ute på kysten og i indre strøk. Det er venta opp mot 100 millimeter det neste døgnet.

– Vi har ute farevarsel for flaum- og jordskred og jorda er ganske godt metta med nedbør, så det er greitt å vere obs på det.

RAS RØLDAL

Denne steinen kom dundrande ned fjellsida i Røldal i Hardanger i går kveld.

Foto: Tale Hauso / NRK

Snø i fjellet

Frå tysdag kveld er det fare for snøfokk i fjellet.

farevarsel Hardangervidda, Sognefjellet, Haukelifjell
Foto: Meteorologisk institutt

– Etter denne kaldfronten passerer vil det bli kald luft med etter kvart meir nordvestleg vind. Då vil det komme snø i fjellet, seier meteorologen.

Det er lite truleg at det vil føre til stengde fjellovergangar, ifølgje trafikkoperatør Kjetil Larsen.

– Men det kan vere noko redusert sikt. Og folk må køyre med vinterdekk og ta seg god tid.

Strynefjellet

Strynefjellet 930 meter over havet er ein av stadane der det ofte kjem sterk sidevind. Tysdag er det fare for snøfokk.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen