Snøfall på fjellet fleire stader i Sør-Noreg: – Gjekk betre enn venta

Meteorologen åtvara mot opp mot 10 cm snø og vanskelege køyreforhold på fjellet, men den første smaken av vinter gav liten dramatikk.

Sognefjellet 10. september 2020

VINTERFØRE: Slik såg det ut over Sognefjellet tidleg torsdag morgon. Trass snøfallet på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg har ikkje Vegtrafikksentralen høyrd frå trafikantane.

Foto: Statens vegvesen / webkamera

– Bruk riktige dekk og køyr etter forholda, åtvara meteorolog Trond Lien onsdag kveld.

Då hadde Meteorologisk institutt sendt ut farevarsel om snøfall på fleire fjellovergangar i Sør-Noreg, først og fremst Strynefjellet, Sognefjellet, Dovrefjell og Hardangervidda.

Onsdag kveld og torsdag morgon er det venta vintervêr over 1100 høgdemeter, og meteorologen varsla opp mot ti centimeter snø.

Trafikkoperatør Eirik Rystad Skånøy ved Vegtrafikksentralen oppmoda onsdag kveld folk om å sko seg riktig.

– Bruk vinterdekk, åtvara han.

Sognefjell

ONSDAG: Slik såg det ut ved Sognefjellshytta onsdag kveld.

Foto: Per Olav Hurv/privat

– Ingen meldingar om dårleg føre

Men onsdag morgon hadde ikkje Vegtrafikksentralen motteke ei einaste melding om dårlege køyreforhold på fjellovergangane.

– Det har gått veldig fint. Det kom eit tynt lag med snø på Hardangervidda, men det smeltar på bakken. Det er enno mildt, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan.

Ein kjapp kikk på Statens vegvesen sine webkamera viser at det også har falle snø på Hemsedalsfjellet og Sognefjellet natt til torsdag.

Den nasjonale turistvegen over Sognefjellet mellom Luster og Lom er den høgste fjellovergangen i Nord Europa, med høgste punkt på 1430 moh.

Men trass nedbørsmengdene, har ikkje trafikkoperatøren fått melding om vanskelege køyreforhold.

– Eg har ikkje notert ei einaste melding. Dette gjekk betre enn varsla, konstaterer Fauskan.

Tynt snølag har lagt seg ved Dyranyut på Hardangervidda

HARDANGERVIDDA: På riksveg 7 ved Dyranut såg det slik ut like før klokka 06 torsdag.

Foto: Statens vegvesen / Webkamera

– Vent om du kan

Onsdag kveld oppmoda hans kollega bilistar mot å forsera fjellovergangane utan vinterdekk.

Folk som kunne utsetje turen, blei også bedne av meteorologen om å vente.

– Dersom ein absolutt ikkje er nøydde til å køyre over fjellovergangane bør ein vurdere å utsetje turen, seier han.

Fredag ser ut til å bli langt betre.

– Truleg blir det mildare luft fredag, noko som gjer at snøgrensa blir høgare. Då blir ikkje det noko problem å køyre over fjellovergangane, seier han.

Hemsedalsfjellet 10. september 2020

HEMSEDALSFJELLET: Også bilistar som køyrde riksveg 52 over Hemsedalsfjellet blei møtte av eit tynt snølag natt til torsdag.

Foto: Statens vegvesen / webkamera
Laster Twitter-innhold

Fare for jordras

Utfordringane kjem ikkje berre på fjellet, men også i lågare strok.

– Når det kjem meir nedbør er sjansen større for at det kan vere stein i vegbana, fordi det kjem små jordras, seier Skånøy.

Han ber folk vere merksame.

– Det er spesielt viktig å ta omsyn til dette når det er mørkt og mindre oversiktleg, seier han.