NVE melder at nedbøren kjem som regn, også i fjellet opp mot 1000 meter. Kombinert med stor snøsmelting og høge temperaturar, vil dette føre til auka vassføring i bekkar og mindre vassdrag på laurdag.
TO OMKOM i BALESTRAND: Eit sørpeskred tok med seg huset som stod her.
Foto: Arve Uglum / NRK– Det er usikkert kor store mengder som kjem, men det kan bli 80-90 mm midt på dagen fram til midnatt, seier vakthavande hydrolog Inger Karin Engen ved flomvarslinga i NVE.
Det er berre knappe to veker sidan førre flomvarsel. Då tok eit sørpeskred i Balestrand med seg eit hus og to personar omkom.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fare for skred
FLAUM I ANGEDALEN: I slutten av mars blei det store øydeleggingar på ein veg i Angedalen i Førde
Foto: Jonas Sætre/NRKAll nedbøren fører til fare for lokale overfløymingar fordi is og snø tettar bekkeløp, røyr og sluk. Det vil også vere fare for sørpeskred og lausmasseskred enkelte stader i terrenget.
Hydrologen oppmodar folk om å halde seg unna bekkar og elvar sidan det er fare for slike skred.
– Vatnet vil samle i deler av terrenget, og dette kan føre til sørpeskred.
Pass på så ikkje vatnet blir oppdemma
Ho oppmodar også folk om å halde avløpsvegar opne slik at vatnet renn vekk.
– Folk bør vere merksame, slik at vatnet ikkje blir demma opp, seier ho.
Flaumvarselet gjeld Hordaland nord for Bergen og Sogn og Fjordane. Ifølgje NVE vil hovudtyngen av nedbøren komme i Nordfjord.
– Det er frå midt på dagen laurdag til midnatt at det kjem mest regn. Søndag er det venta mindre nedbør og lågare temperaturar, og vassføringa blir truleg mindre.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Vervarsel for enkelte stader: