Hopp til innhold

Varslar flaum i høgfjellet

Store nedbørsmengder dei kommande dagane gjer at NVE varslar flaum i høgareliggjande vassdrag. Enkelte stader er det også fare for lausmasseskred.

Flaum i Jostedalen

FLAUM: Biletet er teke i Jostedalen for eit par år sidan då det var storflaum der.

Foto: Jostein Aasen

Vakthavande hydrolog Ingeborg Kleivane hos NVE seier mykje nedbør i kombinasjon med stor snøsmelting vil kunne gi til vassføring på nivå med ein 5-årsflaum.

– Det er venta mildt ver også i fjellet. Der det er snø som kan smelte, så gjer den nok det. Når det kjem nedbør på toppen av det igjen, så kan det blir raskt aukande vassføring og dermed kan det bli flaum.

– Ver obs på elvar og bekkar

Ho trur det kan bli ein femårsflaum, men seier at det er usikkert kor mykje snø det er i fjellet.

– Men vi veit at det kom snø på Sognefjellet for ikkje så lenge sidan, så det er nok litt, seier ho.

– Korleis skal folk forhalde seg til dette flaumvarselet?

– Det gjeld først og fremst høgfjellet. Men vatnet vil jo ned til fjorden, så det vil nok merkast i dalføra etter kvart. Dersom det blir mykje vatn, er det ikkje tilrådd å ferdast nær elva. Dei som bur nær elvar og bekker må passe ting dei har i nærleiken, seier ho.

Fare for lausmasseskred

Men det er ikkje berre i fjellet det er venta mykje nedbør. I låglandet er det også meldt om kraftige byger og lokalt store nedbørsmengder.

Nedbøren kjem frå sør, og vil komme jamt med byger. I område med kraftige byger, vil små bekkar og elvar få raskt aukande vassføring.

Store nedbørsmengder og kraftig snøsmelting kan også lokalt medføre auka fare for lausmasseskred. Dette gjeld først og fremst indre og høgareliggjande strok i Sogn og Fjordane.