– Vi snakkar om svært høge bølgjer. Dei kan bli opp mot 20 meter på det meste. Gjennomsnittsbølgjene blir ikkje så høge, seier Eivind Rinde som er seniorrådgjevar i BarentsWach Kystverket.
Bølgjevarslingstenesta vart oppretta som følgje av blant anna «Sleipner-ulukka» i 1999.
– I første rekke er det ei teneste som er retta mot hurtigbåtar og ferjer. Men vi ser at mange andre også nyttar seg av tilbodet, seier Rinde.
Sterk vind pregar julehelga
Uvêr og storm kjem til å prege julehelga på Vestlandet. Nytt av året er at BarentsWach Kystverket har utvida bølgjevarslingstenesta si til å også gjelde Ytre strok av Hordaland og Sogn og Fjordane.
NY VARSLINGSTENESTE: Eivind Rinde er Prosjektleiar/Seniorrådgjevar i BarentsWatch KYSTVERKET.
Foto: BarentsWatch KYSTVERKET Eivind Rinde– Dette er vel kanskje den kyststrekka som er mest utsett. I løpet av året så skjer det nokre gonger at ein får så høge bølgjer som vi varslar denne gongen, men det er ikkje daglegdags, seier Rinde.
Frykta kyststrekning
For når bølgjene blir opp mot 20 meter, slik det er varsla i julehelga, så får det også konsekvensar for skipstrafikken.
– Det er noko dei må ta omsyn til. No er det ikkje så mange alternative farleier forbi Stad. Løysinga er vel då å gå lenger ute i havet, seier Rinde.
Bølgjevarsla er no i ferd med omfatte store deler av kysten. Rett over nyttår er det planen å utvide tilbodet med Nordland sør for Salten og Jæren–Lindesnes, og Lindesnes–Oslofjorden første kvartal i 2017.