Hopp til innhold

«Berit» stengde Måløybrua

Ekstremvêret «Berit» er i ferd med å feste grepet på fjordfylket. Torsdag kveld vart Måløybrua stengd på grunn av sterk vind.

Måløybrua stengd

STENGD: Måløybrua vart stengd torsdag kveld, men er venta å kunne opne att fredag. Arkivfoto.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Med 34 sekundmeter i kasta, vart vinden for sterk til at brua vart halden open. Klokka 21.58 vart brua stengd med ein middelvind på 25 sekundmeter.

Brua blir stengd når vindstyrken er over 32 meter i sekundet.

– Vinden vil nok kvesse seg til framover mot midnatt, men i 03-04-tida har den dreia meir sørvest slik at den verste retninga er over, seier statsmeteorolog Ingmar Vikane hos Vervarslinga på Vestlandet.

– Får vaska rutene

Øystein Nordås kom frå Lillehammer for å oppleve dårleg ver på Kråkenes. Det vil han til gagns få dei neste timane.

– Han skal no få vaska rutene i alle fall, humrar Vikane. For det er ikkje utan grunn at Redningsselskapet oppmodar folk om la båten liggje i helga. For sjølv om vinden dreier, vil den auke i kraft.

– Det vil blåse generelt stiv til sterk kuling, også noko innover i landet, men i Måløy og Stad-området vil det nok halde seg på full storm. På føremiddagen kan dei nok også måle orkan ved Kråkenes fyr, fortel Vikane.

Høg vasstand

«Berit» var i 22-tida torsdag kveld mellom Island og Færøyane, men hadde då full fart mot Norge og norskekysten. Etter at det treff norskekysten vil lågtrykket vandre nordover langs norskekysten.

  • DEL DINE STORMBILETE MED NRK SINE LESARAR. SEND PÅ E-POST: sf@nrk.no

For Sogn og Fjordane sin del dreier vinden meir vestleg og vil utover kvelden og natt til laurdag minke i styrke.

– Men det er vasstanden som er det store her. På grunn av lågt trykk vil tidvatnet få monaleg hjelp og vatn blir trykt opp mot land på grunn av vindpresset, held Vikanes fram.

(Artikkelen held fram under videobileta)

SJÅ VIDEO: Her kokar det på Refvikvatnet. Fotograf: Bjarne Eldevik.

Floa blir høg

Det er difor sendt ut ekstremvarsel gjeldande Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Helgeland, Salten, Ofoten og Lofoten. Varselet gjeld også området kring Stad.

Klokka 10 er floa kring Stad og Måløy rekna å bli 273 centimeter over det som vert rekna som nullnivå i tidevasstabellen. Rekorden på 282 ser dermed ikkje ut til å bli slått.

– Ifølgje våre prognosar er tidvatnet venta å bli 267 centimeter. Det kan bli korrigert, seier Vikane.

10-12 meter høge bølgjer

Om ikkje kraftig vind, nedbør og høg flo er nok, fører Berit med seg svært høge bølgjer. Godt ute i havet er det åtvara om 36 meter høge bølgjer.

Nærare norskekysten er snittet av dei to tredjel høgaste bølgjene er rekna til å ligge på ein tredjedel av dette.

– Eit siste element i dette er veldig store bølgjer som sjølvsagt vil nå ekstra langt inn på land. Litt lenger ute i havet kan dei liggje på 18 meter, men heilt nær kysten kan dei liggje på 10-12 meter, seier Vikane.