Hopp til innhold

– Det har blitt ein del ekstraarbeid

Maidagar med varmt og tørt vêr medfører ein del ekstra arbeidstimar for bøndene i fylket, men bondelagsleiar Anders Felde er likevel optimist.

Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

TØRKE: – Vi er først og fremst glade for det fine vêret, det har vore fint å drive utearbeid. Det som etter kvart er ei utfordring, er tørken, seier Anders Felde.

Foto: PRIVAT

Maidagar med tørt og varmt vêr har ført med seg varmerekordar, stor skogbrannfare og fleire brannar over heile landet. For bøndene sin del har det varme vêret også sine utfordringar, stadfestar leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde.

– Vi er først og fremst glade for det fine vêret, det har vore fint å drive utearbeid. Det som etter kvart er ei utfordring, er tørken, seier Felde.

– Frukt- og bærnæringa må vatne mykje, noko dei er vande med. Men til dømes innanfor jordbærproduksjon bruker ein no vatn til å kjøle ned plantane for å hindre at dei veks for fort, og at ein får dårlege avlingar. Det har ført til ein ekstraarbeid for dei.

Innanfor grovfôrproduksjon er mange heldige og har vatningsanlegg, viser Felde til.

– Det er mogleg for dei å hente ut store avlingar, men det fører til mykje ekstraarbeid i ei relativt travel tid. For dei som vatnar store grasareal er det mykje jobb som skal til. Lotterigevinsten i andre enden er at dei får betre kvalitet og avlingar, seier Felde.

Slår tidleg

Sjølv om vêret har positive sider, vedgår Felde at han også har nokre bekymringar for grasavlingane.

– For alle oss som andre som ikkje har vatningsanlegg, skal eg vere open på at det er ei bekymring for dårlege avlingar og kanskje dårleg kvalitet, grunna såkalla panikkskyting. Då blir det dårlege avlingar og kvaliteten går ned, viss det ikkje blir slått.

Felde seier bønder mange stader i fylket er tidleg ute, og alt har begynt å slå.

– Dei som begynner no, vil eg tru vurderer tre slåttar for å få ut meir mengde og kvalitet.

Kjøler ned bæra

Også for frukt- og bærproduksjonen kan varmen få følgjer.

– Innanfor jordbærproduksjonen kan vêret føre til små bær og lite bær fordi det er for varmt. For å kjøle ned plantane bruker ein vatn for å halde varmen nede på planten slik modninga skal gå seinare så du får smakfulle og store, fine bær.

Trass at varmen fører med seg nokre utfordringar, er ikkje Felde pessimist på vegner av bøndene.

– Eg er optimistisk av natur og det er vestlandsbonden òg, så vi nyt sjølvsagt det fine vêret. Men bekymringa for tørken er begynt å gnage. Men eg har også snakka med folk på kysten, der dei ikkje opplever dramatikk enno.

– Alternativet med altfor mykje vått vêr er mykje verre, og det har vi friskt i minne frå i fjor.