Hopp til innhold

Varmeutvikling i eldre trebåt på Verftet i Bergen

Naudetatene er ved Georgenes Verft i Bergen etter melding om røyk frå ein trebåt som ligg til kai. Det er observert varme og røykutvikling i baugpartiet på ein Colin Archer-skøyte, og brannvesenet er i gang med kjøling. – Me fekk telefon frå ein forbipasserande som meinte han såg røyk koma ut frå ventilasjonsanlegget på ein 50 fots trebåt som ligg til kai. Han meinte og at han kunne kjenna at dekket på båten var varmt, seier Jostein Steinsland-Hauge ved 110 vest. Politiet opplyser at det er observert flammar, og det skal ikkje vera personar om bord.