Hopp til innhold

Varetektsfengslar mann i 14 dagar

Den sikta mannen etter valdsepisoden i Florø skjærtorsdag vert varetektsfengsla i 14 dagar.

husbråk florø havreneset

BLIR FENGSLA: Ein av dei to sikta blir varetektsfengsla etter at dei skal ha utøvd vald mot to andre i ein privat bustad i Florø torsdag.

Foto: Eivind Hauge

Det vart avgjort under ein kontorforretning laurdag, noko som vil seie at partane var samde om fengslinga.

Den sikta kvinna vart slept fri etter avhøyra fredag.

Det var i 11-tida skjærtorsdag at politiet fekk fleire og etter kvart meir dramatiske meldingar om bråk frå ein bustad i Havreneset. Ein mann (43) og ei kvinne (42) vart sendt til sjukehus i Førde med skadar.

Allereie fredag var det kjend at politiet ønskte å varetektsfengsle mannen.

– Vi ønskjer det grunna sakens karakter, og av omsyn til etterforskinga. Det er litt usikkert om det vert vanleg rettsmøte eller ei kontorforretning der partane er samde om fengsling, men i augneblinken ser det ut til å bli ei kontorforretning, sa operasjonsleiar hos politiet, Nils Erik Eggen, til NRK fredag kveld.