Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire veker

Ein mann frå Sunnhordland vart før helga varetektsfengsla i fire veker av Haugaland og Sunnhordland tingrett. Mannen er sikta for valdtekt, seksuell handling og for innehaving av materiale som seksualiserer barn. Mannen vart pågripen av politiet i starten av februar, og har sidan vore fengsla. Påtalemakta fryktar han kan påverka vitne om han vert lauslaten. Mannen nektar skuld for skuldingane.