Varetektsfengsla etter brann

Mannen som er sikta for skadeverk etter begge brannane på Dale i Vaksdal måndag kveld, er varetektsfengsla i fire veker. – Me held fram med etterforskinga. Me skal vurdera om me må gjennomføra fleire vitneavhøyr, seier politiadvokat Thomas Arntsen.