Varebil og tankbil kolliderte i Stryn

Ein tankbil og ein varebil har kollidert på riksveg 15 i Stryn. Føraren som satt fastklemd i varebilen er bevisst og vart henta av luftambulanse.

Trafikkulukke Stryn

STORE SKADAR: Varebilen fekk store materielle skadar og sjåføren vart henta av luftambulanse etter ulukka.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Ulukka skjedde på riksveg 15, ved Riisevegen i Stryn.

Trafikkulukke i Stryn

DELVIS OPE: Det er manuell dirigering forbi ulukkesstaden.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sjåføren i varebeilen satt fastklemd etter ulukka, men er no frigjort og bevisst. Personen vart henta av luftambulanse, seier politiet.

Varebilen fekk store materielle skadar. Tanken på den andre bilen er lasta med ammoniumnitrat, men skal ikkje vere skada.

– Det skal ikkje vere noko fare med tankbilen, seier Tatjana Knappen ved politiets operasjonssentral.

Politiet fekk melding om ulukka 16.17, og alle naudetatane rykka ut.

KOLLISJON: Ein tankbil og ein varebil kolliderte på riksveg 15 aust for Stryn.