– For å vere ærleg synest eg det er usmakeleg

Måløy (NRK): Varaordførar i Kinn, Sidsel Kongsvik (Sp) står i fare for å miste hundretusenvis i løn. No går ho ut og seier at ho er uroa for eiga helse.

Varaordførar i Kinn Sidsel Kongsvik (Sp)

UVISSE: Varaordførar Sidsel Kongsvik (Sp) må vente minst ein månad før ho veit kva godtgjersle ho får.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Korleis skal ein rekke over full jobb og i tillegg vere varaordførar, samstundes som eg også har to barn? Det skapar usikkerheit også opp mot helsa, klarer ein dette, eller går ein på ein smell?

Kongsvik er åleinemor, og har fire års permisjon frå jobben sin i Nav for å vere varaordførar. I to veker har inntekta hennar vore usikker.

Kongsvik er sjukmeldt, fyrst nyleg har ho ville uttale seg om saka som har vekt stor merksemd.

– Det har vore overveldande med all støtta. Det har vore godt, fordi eg ser at det ikkje berre er mi subjektive oppleving av saka, men også andre som reagerer, seier ho.

Bråket kjem etter at Venstre, Ap og Høgre i Kinn kommune i ei ny samarbeidsavtale ynskjer å ta ned løna hennar med 580.000 kroner til 50.000, Samstundes aukar partia opp lønene til sine eigne utvalsleiarar til 900.000 kroner til saman.

Nyleg varsla dei tre partia at dei vil vente med å kutte godtgjersla til Kongsvik er ute av sjukmeldinga si. Kuttet kan også bli redusert.

Samstundes vil dei likevel auke godtgjerslene til sine eigne politikarar som planlagt.

– Det er litt usmakeleg. Dei tek frå nokon inntekta og fordeler pengane til seg sjølve, seier Kongsvik.

Ola Teigen og Sidsel Kongsvik

SAMARBEID: Ola Teigen og Sidsel Kongsvik vart ordførar og varaordførar etter valet i fjor.

Foto: Svanhild Breidalen / FJT

– Burde gått fram på ein annan måte

Ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap) avviser at dei gjer noko som er usmakeleg. Men seier dei burde gått fram annleis. Mellom anna vore tydelegare på at Kongsvik skal få dekka tapt arbeidsforteneste for oppdrag for kommunen.

– Vi vil endre måten vi organiserer det politiske arbeidet. Vi vil få meir igjen for pengane vi brukar på frikjøp om utvalsleiarane kan få hovudansvaret for dei sakene dei har i utvala sine.

Teigen vil ikkje gå inn på kva Kongsvik til slutt vil ende opp med i godtgjersle etter at partia har tatt tenkepause.

– Oppgåvene framover må klargjerast i samråd med ho, og ho har vore sjukmeldt. Det er unaturleg å handsame dette i kommunestyret før ho er tilbake.

Kinn-ordførar Ola Teigen

ORDFØRAR: Ola Teigen (Ap).

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Meiner ho har fått lite hjelp og støtte av ordføraren

Kongsvik er heilt fersk i politikken, og vart varaordførar for Sp etter valet i fjor. Ho kritiserer ordføraren for å involvere ho for lite i det politiske arbeidet.

– Eg hadde håpa at sidan eg er ny og fersk så ville ordføraren vere meir til hjelp og støtte, seier ho.

Men ordførar i Kinn, Ola Teigen (Ap) seier varaordføraren har fått klare arbeidsoppgåver, i tillegg til å vere ordføraren sin stadfortredar.

– Det er sikkert alltid noko ein kan gjere annleis. Å vere fersk politikar i ei slik rolle er ikkje berre enkelt, seier han.

Teigen seier han sjølv som ny ordførar i 2015, fekk 10 minutt med forgjengaren før han sat på kontoret åleine.

– I mykje av arbeidet må ein sjølv finne ut av oppgåva si, der er folk ulike. Det handlar om å bruke engasjementet sitt for å få gjennomført politikk, seier Teigen.

– Korleis har varaordføraren gjort jobben sin så langt etter ditt syn?

– Det vil eg ikkje gå så djupt inn i. Vi har hatt nokon samtalar om korleis ein jobbar, men det er ein diskusjon mellom meg og ho. Eg har ikkje noko behov for å fortelje om det ut i media.

Kinn Kommune

KINN KOMMUNE: Kommunen er kjent for å vere delt i to, med Bremanger kommune i midten. Kommunen har 17200 innbyggarar.

Sjekka med rådmannen om ho ville få jobben tilbake

Kongsvik har så langt ikkje snakka med arbeidsgjevaren om ho får jobben sin i Nav tilbake.

Teigen har tidlegare sagt at han tidleg forsikra seg med kommunedirektøren at ho vil få tilbake jobben sin i Nav i kommunen. Det meiner Kongsvik er spesielt.

– Eg har jo spurt meg sjølv om forsikringa har påverka avgjersla deira. Spørsmålet er om eg ikkje hadde vore kommunalt tilsett, kunne ordføraren kontakta ein annan arbeidsgjevar?

Men ordføraren avviser dette.

– Det ville ikkje hatt betydning om ho var til dømes i privat sektor. Ein politikar som blir kjøpt fri frå arbeid har rett på permisjon, og rett til å få jobben tilbake når permisjonen er over, seier Ola Teigen.