Hopp til innhold

Var millimeter frå å bli treft av steinras

Fredag kveld gjekk det eit steinras ved Tønjum i Lærdal. Mark Brooks var millimeter frå å bli treft. Laurdag er det klart at vegen ikkje blir stengd.

Køyrte inn i raset

ØYDELA VEGEN: Mark Brooks køyrde rett ned i holet, som steinen laga.

Foto: Mark Brooks

I 22.00-tida fredag fekk politiet inn melding om at det hadde gått eit steinras ved Tønjum i Lærdal.

Laurdag er det klart at det først og fremst er tale om ein stor stein. Det er ei viss fare for at det kome ned meir stein, og eitt hus ligg i faresona. Vegvesenet har likevel ikkje tenkt å stenge vegen. Dei som bur i huset har mellombels flytta på seg til ein annan stad, og Lærdal kommune vurderer no om andre tiltak er naudsynte.

Ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim (Sp) seier at det kan bli aktuelt å hyre inn ein geolog for å finne ut om det er meir rasfare, men at det ikkje vil skje før tidlegast måndag.

Mark Brooks bur like att med staden steinane kom ned. Då han køyrde bort for å sjå kva som hadde skjedd, var han millimeter frå å bli treft av ein stor stein.

Mark Brooks

SKJELVEN: Mark Brooks seier det var ei forferdeleg oppleving.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg såg berre ein svart skugge som for forbi bilen og så køyrde eg ned i eit stort hol. Det small heilt forferdeleg. Eg sprang ut og gøymde meg. Eg er framleis skjelven. Dette er det næraste eg har vore å stryke med, seier han.

Meir stein kan kome ned

Det er ikkje meldt om personskade eller skade på bygningar etter steinraset. Raset har gått ovanfor fylkesveg 271.

Ifølgje politiet har seks personar flytta frå husa sine for natta, til alternative bustadar i Lærdal.