Med eit kast på 64,68 meter sette han ny personleg rekord og tukta gullfavoritten Jon Nerdal med ein god meter.
– Han var blant dei som med full utteljing kunne kjempe om medalje, men var ikkje nokon gullkandidat. At han har fått klaff i meisterskapet på heimebane er svært gledeleg, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.
- Les også:
- Les også:
Ny opptur
Lagkompis Evald Osnes Devik tok bronse i klassen for menn under 22 år. Det første kastet vart òg det lengste. Slegga landa på 56,97 meter, fem meter bak gullet.
Saman sørga dei to for at andre dag av junior-NM vart ein ny opptur for heimepublikumet, sjølv om Thomas Mardal gjekk på ein smell med fem ugyldige forsøk og eit skuffande sistekast på 52,86 meter.
– Hans har teke gode steg dei siste sesongane, og med nye steg kan han etter kvart hevde seg blant seniorane. Det er ofte ein brutal overgang å bli ein god seniorkastar, men han viser i dag at han er på god veg til å kunne hevde seg, seier Heggheim.
– Nye moglegheiter i morgon
Han meiner Thomas Mardal ikkje har grunn til å henge med hovudet, trass den skuffande førestillinga i dag.
– Det er slikt som skjer. Av og til blir det heilbom og i dag var det Thomas sin tur. I går hadde han ein kjempedag og tok gull. I dag greidde han kanskje ikkje å nullstille seg. Men i morgon er det nye moglegheiter i kule, seier Heggheim.
- Les også: