Hopp til innhold

Var desidert best i landet – no må han frå sofakroken sjå konkurrenten herje med verdseliten

Øyvind Strømmen Kjerpeset (26) var suveren på 400 meter hekk i fleire år. Så sneik ein ung sunnmøring seg forbi, og sidan har det vore klasseforskjell mellom dei to.

Karsten Warholm vann 400 meter hekk framfor Øyvind Strømmen Kjerpeset under NM 2015

FØRSTE NM-SIGER PÅ 400 METER HEKK: Øyvind Strømmen Kjerpeset måtte sjå seg slått av Karsten Warholm på 400 meter hekk under NM i friidrett i Haugesund i 2015.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Utøvaren i blått er Kjerpeset. Bildet er teke på NM i Haugesund i 2015, og før dette hadde florøværingen vunne distansen fire år på rad.

Sidemannen på bildet er den då 19 år gamle Karsten Warholm (22). Etter å ha feia forbi og inn til sitt første NM-gull på 400 meter hekk, har han forbetra sin personlege rekord med over tre sekund.

Sist helg toppa det seg yndlingen klokka inn til ny norsk rekord då han tok EM-gull i Berlin. Då med tida 47,64. Før NM på Byrkjelo er han soleklar favoritt.

For heimehåpet sin del kan det bli svært vanskeleg å nærme seg. Sjølv kan han skilte med sesongbeste på 51.07.

– Akkurat på NM er det litt kjipt at europameisteren er norsk. Karsten er i verdstoppen. Han er på eit nivå eg prøver å kome til, seier Kjerpeset.

EM frå sofakroken

Då over 900.000 nordmenn sat planta framfor fjernsynet og såg Karsten Warholm vinne EM-gull, var florøværingen ein av dei. Han klarte aldri å kvalifisere seg til meisterskapen i Berlin.

– Det var ganske tøft. Det var synd, men eg har gjort mitt beste i år, seier Kjerpeset (26).

Etter fire strake NM-sigrar har Kjerpeset vore uheldig med skader fleire sesongar. I år har han aldri klart å forstå kvifor forma hans skal vere så ustabil.

EM-GULL: Karsten Warholm kom råsterkt på slutten i finalen på 400 meter hekk og tok til slutt gullet.

Warholm vil motivere

– Det var alltid kjekt å konkurrere mot han, seier Karsten Warholm om duellane med Kjerpeset.

Medan 22-åringen sine tider har blitt stadig betre, har det for Kjerpeset gått motsett veg. Noko årsbestestatestikken frå det internasjonale friidrettsforbundet viser tydeleg.

Øyvind Strømmen Kjerpeset vs Karsten Warholm utvikling på 400m hekk

UTVIKLING: Øvst er årsbestetidene på 400 meter hekk for Øyvind Strømmen Kjerpeset. Under er Karsten Warholm sin utvikling dei same sesongane. Kjerpeset konkurrerte ikkje på distansen i 2017.

Foto: Skjermdump, IAAF.org

Warholm forstår at det kan vere blytungt.

– Han burde sjå på det som motiverande at nokon med relativt lik bakgrunn spring fortare enn han. Samtidig må det vere kjipt å sjå tidene gå feil veg. Det kan ein gjere noko med sjølv, så eg håpar han finn ut av det og klarer å springe fort att.

– Kva er dine råd?

– Eg vil seie at det viktigaste er å halde fram å jobbe konstruktivt. Han har vore på eit godt nivå, og må sjå kva han gjorde for å kome dit, seier Warholm.

Sjølv kan han vinne sin fjerde strake kongepokal.

– Det er klart ein blir sliten av eit EM, men no har eg prøvd å stable meg på beina att. Eg spring alt eg kan, og let det stå til. Eg har alltid lyst på kongepokalen, seier han.

Øyvind Strømmen Kjerpeset

BISMAK: Øyvind Strømmen Kjerpeset vedgår at det var med ein liten bismak i munnen at han følgde EM i friidrett frå sofaen heime. – Eg skulle veldig gjerne vore der sjølv.

Foto: Rune Fossum / NRK

Gir seg ikkje

Uansett utfall av duellen dei imellom i NM, Kjerpeset har ikkje tenkt å gi seg.

– Eg har framleis masse eg ikkje har fått vist på friidrettsbana. Eg synest det er ekstremt gøy og vil halde på lenge.

Sølv til Kjerpeset

Øyvind Strømmen Kjerpeset frå Florø sprang inn til 2.-plass under finalen i 400 m hekk under NM i friidrett på Byrkjelo. Kjerpeset sprang på tida 52,22. Det var Karsten Warholm som vann med 49,01 og han tok dermed ny banerekord.